From Wikipedia, the free encyclopedia
Hypnotic Eye er det 13. studioalbumet til det amerikanske rockebandet Tom Petty and the Heartbreakers, gjeve ut 29. juli 2014 på Reprise Records.[11][12] Albumet debuerte på toppen av Billboard 200, og vart det første albumet til Tom Petty and the Heartbreakers som nådde toppen av lista.
Hypnotic Eye Studioalbum av Tom Petty and the Heartbreakers | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 29. juli 2014 | |
Innspelt | 2011–2014 | |
Sjanger | Heartland rock, bluesrock | |
Lengd | 44:47 | |
Selskap | Reprise Records | |
Produsent | Tom Petty, Mike Campbell, Ryan Ulyate | |
Tom Petty and the Heartbreakers-kronologi | ||
---|---|---|
Mojo (2010) |
Hypnotic Eye | |
Singlar frå Hypnotic Eye | ||
|
Den første innspelinga for albumet gjekk føre seg i august 2011 i øvingslokalet til bandet i Los Angeles, der «Burnt Out Town» vart spelt inn. Albumet gjekk stilmessig attende til dei to første albuma ti lbandet, Tom Petty and the Heartbreakers (1976) og You're Gonna Get It! (1978).[11]
Den 10. juni 2014 vart songen «American Dream Plan B» gjeve ut som den første singelen frå albumet, i lag med songane «Red River» og «U Get Me High,» på nettsida til bandet og digitale butikkar.[13] Ein månad seinare vart ein CD-singel med «American Dream Plan B» og «U Get Me High» gjeve ut.[14]
Songane «Forgotten Man» og «Fault Lines» vart gjeven ut for strøyming på nettsida til bandet tidleg i juli 2014.[15] I tillegg vart alle fem spora gjeve ut i marknadsføringa av Hypnotic Eye på ein «interaktiv radio» med skruknapp som fann spora for lyttarane.[16]
Albumet debuterte på toppen av Billboard 200-lista og selde 131 000 eksemplar i USA den første veka.[17]
Alle songar er skrivne av Tom Petty, utanom «Fault Lines» av Petty og Mike Campbell..
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «American Dream Plan B» | 3:00 |
2. | «Fault Lines» | 4:28 |
3. | «Red River» | 3:59 |
4. | «Full Grown Boy» | 3:26 |
5. | «All You Can Carry» | 4:34 |
6. | «Power Drunk» | 4:39 |
7. | «Forgotten Man» | 2:48 |
8. | «Sins of My Youth» | 3:49 |
9. | «U Get Me High» | 4:11 |
10. | «Burnt Out Town» | 3:05 |
11. | «Shadow People» | 6:37 |
12. | «Playing Dumb» (Bonusspor på vinyl, digital og Blu-ray) | 4:13 |
Total lengd: | 48:47 |
Liste (2014) | Plassering |
---|---|
Australske album (ARIA)[18] | 30 |
Kanadiske album (Billboard)[19] | 1 |
Danske album (Hitlisten)[20] | 5 |
Tyske album (Media Control)[21] | 5 |
Finske album (Suomen virallinen lista)[22] | 49 |
Ungarske album (MAHASZ)[23] | 36 |
Italian Album (FIMI)[24] | 68 |
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[25] | 10 |
Norske album (VG-lista)[26] | 6 |
Svenske album (Sverigetopplistan)[27] | 6 |
Britiske album (OCC)[28] | 7 |
US Billboard 200[29] | 1 |
US Top Rock Albums (Billboard)[30] | 1 |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.