fugleart From Wikipedia, the free encyclopedia
Humboldtpingvin (Spheniscus humboldti) er ein mellomstor pingvinart som høyrer til slekta Spheniscus. Han finst langs kysten av Chile og Peru,[1] og er oppkalla etter Humboldtstraumen, òg kjent som Perustraumen, den kjølige havstraumen som rører seg nordover langs denne kysten. Humboldtpingvinen er ein av fire nærskylte artar i slekta Spheniscus. Ein av dei, magellanpingvinen, har ei dels overlappande utbreiing med sørlegaste utbreiinga av humboltpingvinen i Chile.[2]
Humboldtpingvin | |
Humboldtpingvin | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Sårbar Utbreiinga av Humboldtpingvin | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sphenisciformes |
Familie: | Pingvinar Spheniscidae |
Slekt: | Spheniscus |
Art: | Humboldtpingvin S. humboldti |
Vitskapleg namn | |
Spheniscus humboldti Meyen, 1834 |
Humboldtpingvinen er mellomstor, med ein kroppslengde på rundt 65–70 cm og ei vekt på om lag 4–5 kg. Han har eit karakteristisk svartkvitt mønster med ein svart stripe som går i ein boge nedover brystet. Over augo har han ei berr hudstripe som kan bli rosa under varme forhold.[3] Hannen er tyngre og større enn hoa. Breidda og nebblengda på hovudet indikerer kjønnet; hannen har eit lengre nebb enn hoa. Sjølv om alle pingvinar i Spheniscus-slekta er omtrent like store, er humboldtpingvinen den tyngste arten i slekta.[4]
Humboldtpingvinen lever hovudsakleg på steinete kystar og øyar der det er lett tilgang til mat som småfisk, sild og blekksprut. Arten er avhengig av den næringsrike Perustraumen som bringer kaldt, oksygenrikt sjøvatn og rike mengder av plankton og småfisk. Trekkmønster for arten er lite kjente, sporing har synt at dei kan trekke nordover i den australske vinteren,[5] streiffuglar førekjem utanfor kysten av Ecuador og Colombia, i sjeldne tilfelle utanfor Nord-Amerika.
Humboldtpingvinen hekkar i lause koloniar. Reirplassen ligg i holer som dei lagar i guano eller sand nær kysten. Dei legg som regel to egg, og begge foreldra tar del i ruginga. Ungane blir verna av foreldra til dei er gamle nok til å klare seg sjølve, som regel etter nokre månader.
Humboldtpingvinen er klassifisert som ein sårbar art (VU) av Verdas naturvernunion (IUCN). Hovudtrugsmåla mot arten er tap av habitat, overfiske som reduserer tilgangen til mat, klimaendringar, oljesøl, og uro frå menneskeleg aktivitet. Guanosanking som øydelegg hekkeplassar, er òg ein trussel mot arten. Culpeo, rotter og kattar er kjente predatorar. Under El Niño blir oppvellinga av næringsrikt botnvatn redusert i det søraustlege Stillehavet, samtidig som havoverflatetemperaturen aukar. Dette fører til dødelegheit, spesielt blant ungfuglar og humboldtpingvinane følgjer ansjosbestandane sørover etter kvart som den marine produktiviteten søkk. Arten har ein minkande bestand på rundt 23 800 vaksne individ. Klimaendringar, kommersielt overfiske av nøkkelbyttedyr som sardinar og ansjos, og bifangst i kommersielt og tradisjonelt fiske bidreg til nedgangen til arten.[5]
For å verne om bestanden av humboldtpingvinar er det sett i verk tiltak som etablering av verneområde, regulering av guano-innsamling og auka overvaking av fiskeria i området.[5]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.