Huglo
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Huglo er ei øy i Stord kommune. Ho ligg på austsida av Stord der Hardangerfjorden møter Langenuen. Huglo er 14 km² stor, folketalet er 85.[1] På Huglo ligg samlingstaden på Nord-Huglo, der det er butikk, bensin og kai. Butikken heiter Huglabutikken og er ein del av Nærbutikken-konseptet. Butikken har i tillegg til daglegvarer, også apotekutsal, dusj, kontorrekvisita og vaskeutstyr. Mesteparten av arealet er fjell, og høgaste topp er Høgafjellet på 218 moh. Øya har også svært frodige parti og fine landbruksareal. På austsida er grunnen kalkrik med ein rik vegetasjon. Her ligg Brandvikneset naturreservat med mellom anna barlind og kristtorn. Næringslivet består i all hovudsak av landbruk, (særleg mjølkeproduksjon), møbelproduksjon og havbruk. Huglo har ferjesamband til Stord og Tysnes.
Huglo | |
---|---|
Det nordre av Huglo sett frå ferja i sambandet Jektevik-Nordhuglo-Hodnanes. Foto: Bent Sigmund Olsen | |
Geografi | |
Stad | Hardangerfjorden |
Koordinatar | 59°50′54″N 05°35′05″E |
Areal | 13,5 km² |
Høgaste punkt | Høgafjellet (218 moh.) |
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Vestland |
Demografi | |
Folketal | 85 (2023) |
Folketettleik | 6,3 /km² |
Folketalsutvikling:
1801[2] | 1900[3] | 2000[1] | 2023[1] |
---|---|---|---|
135 | 200 | 143 | 85 |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.