From Wikipedia, the free encyclopedia
Hork er ein liten ferskvassfisk i åborfamilien. Han er utbreidd i mellom- og nord-Europa frå Frankrike til Sibir, i tillegg til ein engelsk bestand. I Noreg finst arten naturleg på Austlandet frå Mjøsa og sørover.
Hork | |
Hork | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av hork | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Actinopteri |
Orden: | Piggfinnefiskar Perciformes |
Familie: | Åborfamilien Percidae |
Slekt: | Gymnocephalus |
Art: | Hork G. cernua |
Vitskapleg namn | |
Gymnocephalus cernua |
Hork liknar åbor, men er mindre og manglar fargeteikningane til den større slektningen. Han er grågrøn til brun med mørke prikkar, og dei to ryggfinnane heng saman. På hovudet har han eit sett gropar som skil ut slim, og på gjellelokka har han piggar.
Horken er vanlegvis ikkje lenger enn 14 cm, men sør i Europa kan han bli så lang som 25 cm.
Hork heldt seg helst i botnsjiktet i innsjøar, tjern og ved elvebreidder. Han trivst best på litt djupare vatn med sand- og mudderområde. Arten er aktiv både og dagen og om natta, og finn vegen godt i mørket ved hjelp av sidelinjeorganet. Han er altetar, og lever for det meste av fjørmygglarver, amfipodar, makk, fiskeyngel, rogn og blautdyr.
Gytetida er seint på våren, og horken gyter på grunt vatn ved 12-15 °C. Egga vert fest til stein og vassplanter, og klekker etter ei eller to veker. Larvane måler då om lag 4 mm, og veks sakte. Likevel kan dei bli kjønnsmogne allereie i sitt andre leveår.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.