orden av strålefinna beinfiskar From Wikipedia, the free encyclopedia
Piggfinnefiskar er ein orden ekte beinfiskar som omfattar over 7000 artar; rundt 40 % av alle fiskar ein kjenner til. 2000 av desse lever i ferskvatn, mellom anna åbor og dei fleste ciklidar. Elles held mesteparten av medlemmane i gruppa til i kystnært saltvatn. Gruppa er mellom dei yngste beinfiskane, og dukka opp i krittida. Det er usemje om systematikken hennar.
Piggfinnefiskar | |
Cikliden Pseudotropheus saulosi | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Overklasse: | Strålefinnefiskar Actinopterygii |
Klasse: | Actinopteri |
Underklasse: | Neopterygii |
Infraklasse: | Ekte beinfiskar Teleostei |
Orden: | Piggfinnefiskar Perciformes Bleeker, 1859 |
Namnet sitt har piggfinnefiskane fått på grunn av dei spisse finnestrålene mange av dei har fremst på rygg- og gattfinnane sine. Det er som regel to ryggfinnar. Bukfinnane består vanlegvis av ein pigg og opp til fem mjuke finnestrålar. Brystfinnane sit vanlegvis på sida av fisken, bak gjellene. Feittfinnar har dei ikkje.
29 familiar er registrerte i norske farvatn:
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.