planteart From Wikipedia, the free encyclopedia
Honningblom (Herminium monorchis) er ei plante i honningblomslekta Herminium i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1][2]
Honningblom | |||
Status i verda: Utilstrekkeleg data | |||
Systematikk | |||
Rike: | Planteriket | ||
Klasse: | Einfrøblada | ||
Orden: | Aspargesordenen | ||
Familie: | Orkidéfamilien | ||
Slekt: | Herminium | ||
Art: | H. monorchis | ||
Vitskapleg namn | |||
Herminium monorchis
(Linné) R.Br. | |||
Økologi | |||
Habitat: | kalkrik eng | ||
Utbreiing: | Eurasia | ||
Honningblom blir berre kring 10 centimeter høg. Planta har eit avlangt aks med små, gulgrøne blomar med honningduft. Ved basis har planta to langsmale blad.[3]
Arten er knytt til fuktig, kalkrik slåttemark og beitemark og til havstrandeng. I Noreg har arten vore kjend frå fleire titals stader på Austlandet,[4] men på grunn av habitatstap er det no berre att ei handfull stader på Hvaler.[5] Honningblom er totalfreda i Noreg[6] og klassifisert på Norsk raudliste for artar (2021) som kritisk truga (CR).[7] Arten er nøye overvaka,[8] og som ein av svært få artar er han òg verna som prioritert art gjennom eiga forskrift.[9]
Arten finst òg i Sverige (status VU, svensk namn honungsblomster)[10] og i Danmark (EN, dansk namn pukkellæbe),[11] men er rekna som utgått i Finland (RE, finsk namn mesikämmekkä).[12]
Honningblom (engelsk namn musk orchid) veks heilt sør i Storbritannia, og er verna gjennom den britiske Handlingsplan for biodiversitet.[13] I den britiske raudlista har arten status som sårbar (VU).[14] Lokalt er han sterkt truga (EN) i England,[15] og regionalt utdøydd (RE) i Wales (sist funne i 1968).[16]
I Estland (estisk namn harilik muguljuur) veks honningblom mest på øyane og vest på fastlandet og er rekna som sårbar (VU).[17] I Latvia (latvisk namn vienguma hermīnija)[18] er arten sjeldan og veks berre nær kysten. Han er klassifisert som sårbar (kategori 2 – retas sugas).[19] I Litauen (litauisk namn vienagumbis medauninkas) har arten gått sterkt attende på grunn av habitatstap og er dei siste åra berre kjend frå ein funnstad ved elva Šventoji. Han er rekna som kritisk truga (CR).[20][21]
I Benelux har arten (nederlandsk namn honingorchis, fransk namn orchis musc) berre eit par vekstestader att ved kysten i Nederland. I Flandern i Belgia finst han no berre i eit område ved kysten, medan han ikkje lenger er å finne i Vallonia.[22][23] I den nederlandske raudlista er arten rekna som kritisk truga (CR, ernstig bedreigd).[24] I Belgia er han rekna som kritisk truga (CR, ernstig bedreigd) i Flandern og regionalt utdøydd (RE, éteint) i Vallonia.[25][26] I Luxembourg er han òg rekna som regionalt utdøydd (RE).[27]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.