Hollingworth Lake
From Wikipedia, the free encyclopedia
Hollingworth Lake er ein innsjø nær Hollingworth i Littleborough i Rochdale i Stor-Manchester i England. Han har eit areal på 0,53 km² og ein omrkins på 4,0 km.
Hollingworth Lake | |||
innsjø | |||
Land | England | ||
---|---|---|---|
Tilsig | Longden End Brook | ||
Utløp | Hollingworth Brook | ||
Areal | 0,53 km² | ||
Kystlengd1 | 4 km | ||
Koordinatar | 53°37′50″N 2°05′47″W | ||
Hollingworth Lake 53.630619444444°N 2.0964138888889°W | |||
Wikimedia Commons: Hollingworth Lake | |||
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. | |||
Historie
I 1793 vart Rochdale Canal bygd med Hollingworth Lake som hovudvasskjelde med tre jorddemningar. Innsjøen stod ferdig i 1800, fire år før kanalen. Dei lokale mølleeigarane var redde for at kanalen skulle ta vatn frå elvane som dreiv møllene.
Rundt 1850 fekk James Sladen løyve av eigarane , Rochdale Canal Company, å setje ut to dampbåtar på kanalen, men dette vart ikkje ein suksess. Etter kvart vart innsjøen gradvis meir popuær og det vart bygt sju hotell med store ballsalar og parkanlegg. Etter kvart vart det òg bygd fleire hotell.
Under den første verdskrigen vart det ein stor treningsleir i Ealees Valley. Etter krigen vart innsjøen mindre populær som feriestad og turistindustrien minka.
Området er i dag eit fritidsområde.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Hollingworth Lake» frå Wikipedia på engelsk, den 28. mars 2010.
Bakgrunnsstoff
- Rochdale Canal Hollingworth Lake Arkivert 2009-06-16 ved Wayback Machine.
- Country park Arkivert 2009-06-07 ved Wayback Machine.
- Hollingworth Lake Sailing Club
- Bilete frå Hollingworth Lake
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.