Himarë
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Himarë eller Himara (gresk Χειμάρρα, Khimárra) er ein by og ein kommune i regionen Vlorë i Albania. Han ligg ved Den albanske rivieraen sør i Albania og grensar i aust til regionen Gjirokastër.
Himarë | |||
---|---|---|---|
Utsyn mot Himarë | |||
| |||
Styresmakter | |||
Land Region |
Albania Vlorë | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
572 km² | ||
Innbyggjarar[1] - By (2011) |
7 818 | ||
Koordinatar | 40°32′0″N 19°38′0″E | ||
Høgd over havet | 90, 3 m | ||
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) UTC+2 (UTC) | ||
Diverse anna | |||
Heimeside: http://www.himara.gov.al/ | |||
Plassering | |||
Himarë kommune innafor regionen Vlorë |
Den tospråklige tradisjonelle regionen Himarë omfattar byen og sju landsbyar og er hovudsakleg folkesett av etniske grekarar. Regionen er om lag 20 km lang og 5 km brei og grensar til dei 2000 meter høge Llogara-fjella i nordaust og Det joniske havet i sørvest. Det er lange kvite sandstrender og nokre få åsar nær sjøen med oliven- og sitrustre.
Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Himarë vart slått saman med landkommunane Lukovë og Horë-Vranisht.[2] Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Himarë.
Ved folketeljinga i 2011 hadde den dåverande bykommunen 2 822 innbyggjarar, medan dei tre kommunane som i dag utgjer storkommunen Himarë, til saman hadde 7 818 innbyggjarar.[1]
Fram til år 2000 var den tidlegare bykommunen saman med landkommunen Horë-Vranisht ein del av distriktet Vlorë, medan Lukovë var ein del av distriktet Saranda.[3] Den dåverande bykommunen omfatta byen Himarë og busetnadene:[2]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.