Hild Sofie Tafjord (fødd 4. januar 1974) er ein norsk musikar fødd i Langevåg [1] Ho spelar valthorn, og nytter også ulike elektroniske instrument og datamaskin.[2] Tafjord er kjend frå fleire grupper og innspelingar, særleg innan eksperimentell elektronika og jazz.
Hild Sofie Tafjord | |||
| |||
Fødd | 4. januar 1974 (50 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Langevåg | ||
Opphav | Noreg | ||
Sjanger | jazz | ||
Instrument | valthorn | ||
Plateselskap | Smalltown Supersound | ||
Verka som | komponist, valthornist, jazzmusikar, fløytist | ||
Far | Stein Erik Tafjord |
Hild Sofie Tafjord studerte ved Toneheim folkehøgskole med blant anna Maja Ratkje, og blei deretter første med eksamen i valthorn frå Jazzlinja på Norges musikkhøgskole i 2001.[3][4] Saman med Ratkje har ho spelt i kvartetten SPUNK med Lene Grenager og Kristin Andersen (frå 1995), duoen Fe-mail (frå 2000) og trioen Agrare (med dansaren Lotta Melin). I Slinger speler ho med Grenager og Lisa Dillan, og i Lemur speler ho med Grenager, Michael Francis Duch og Bjørnar Habbestad.
Ho har spelt mykje i duo med Håkon Kornstad og har samarbeidd med Zeena Parkins, Fred Frith, Ikue Mori og Matmos. Vidare har ho spelt i Crimetime Orchestra, No Spaghetti Edition og Norwegian Noise Orchestra. Av andre samarbeid kan ein nemna Kjetil Manheim frå Mayhem og Øyvind Berg.
Ho er dotter til jazztubaisten Stein Erik Tafjord[5] og niese til hornisten Runar Tafjord.
Utgjevingar
- KAMA (Picadiscs, 2007)
- Breathing (+3dB, 2014)[6]
- Samarbeid
- Med «Rotoscope», mellom dei Andreas Mjøs, Jørgen Træen, Knut Aalefjær, Rune Brøndbo, Lars Horntveth, Rob Waring & Christine Sandtorv
- 2001: Great Curves (Jester Records), feat. Hild Sofie Tafjord & Marius Reksjø
- Med Fe-mail og Carlos Giffoni
- 2006: Northern Stains (Important Records)
Kjelder
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.