«Hey Joe» er ein amerikansk song frå 1960-åra som har vorte ein rockestandard og spelt av mange hundre forskjellige artistar.[1][2][3] «Hey Joe» fortel soga om ein mann som er på rømmen og planlegg og dra til Mexico etter å ha skote kona si.[4] Forskjellige tilskrivingar og påstandar har gjort at ein ikkje er 100 % sikker på kven som har skrive songen.[3][4] Den første kjende innspelinga av songen er frå seint i 1965 av garasjebandet The Leaves frå Los Angeles,[5], som òg hadde den første hitversjonen av songen med ei nyinnspeling frå 1966. Den mest kjende versjonen i dag er av The Jimi Hendrix Experience frå 1966.[6] Songtittelen vert stundom skriven «Hey Joe, Where You Gonna Go?» eller liknande variantar.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Hey Joe
singel av The Leaves
frå albumet Hey Joe
B-side

«Be With You» (original)
«Girl from the East» (nyutgjeving)
«Funny Little World» (andre nyutgjeving)

Språk engelsk
Utgjeve november 1965
Sjanger Garagerock
Lengd 2:52
Selskap Mira
Komponist Billy Roberts
Tekstforfattar Billy Roberts
Låtskrivar(ar) Billy Roberts
Produsent Nick Venet (original)
Norm Ratner (nyutgjevingar)
The Leaves-kronologi 
«Love Minus Zero»
(1965)
Hey Joe «You Better Move On»
(1965)


Lukk
Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Hey Joe
singel av The Jimi Hendrix Experience
B-side

«Stone Free» (UK)
«51st Anniversary» (US)

Språk engelsk
Utgjeve 16. desember 1966 (UK)
1. mai 1967 (US)
Innspelt 23. oktober 1966, De Lane Lea Studios, London
Sjanger Rock, bluesrock
Lengd 3:30
Selskap Polydor (UK)
Reprise (US)
Komponist Billy Roberts
Tekstforfattar Billy Roberts
Låtskrivar(ar) Billy Roberts
Produsent Chas Chandler
The Jimi Hendrix Experience-kronologi 
Hey Joe «Purple Haze»
(1967)


Lukk
Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Hey Joe
singel av Patti Smith
B-side

«Piss Factory»

Språk engelsk
Utgjeve 1974
Innspelt 5. juni 1974, Electric Lady Studios, New York City
Sjanger Protopunk, bluesrock
Lengd 5:05
Selskap Mer
Komponist Billy Roberts
Tekstforfattar Billy Roberts
Låtskrivar(ar) Patti Smith, Billy Roberts
Produsent Lenny Kaye
Patti Smith-kronologi 
Hey Joe «Gloria»
(1976)


Lukk

Forfattarskap

Enkelte hevdar at songen er ein tradisjonell song,[7] og han vert ofte feilaktig tilskriven den amerikanske musikaren Dino Valenti (som òg kalla seg Chester eller Chet Powers og Jesse Farrow). «Hey Joe» vart registrert for opphavsrett i USA i 1962 av Billy Roberts.[3] Den skotske visesongaren Len Partridge har hevda at han hjelpte å Roberts å skrive songen, som dei begge spelte i klubbar i Edinburgh i 1956.[8] Andre hevdar at Roberts gav rettane til songen til venen Valenti, då Valenti var i fengsel, slik at han skulle ha noko inntekt då han slapp ut.[3][9]

Tidlege innspelingar (1965–1966)

Songen til Roberts fekk tilhejgnarar i musikkmiljøet i Los Angeles på midten av 1960-talet, og det vart gjort fleire innspelingar av songen i 1965 og 1966 av The Leaves, The Standells, The Surfaris, Love og The Byrds, noko som gjorde han til ein garagerockklassikar.[5] Det er sagt om både Dino Valenti og The Byrds-medlemmet David Crosby at dei var med på å popularisere songen før han vart innspelt av The Leaves i desember 1965.[10]

The Leaves, som hadde høyrt songen då dei var på konsert med The Byrds (som ikkje enno hadde spelt inn si eiga utgåve av songen) på Ciro'sSunset Boulevard,[10] spelte inn og gav ut tre utgåver av «Hey Joe» i 1965 og 1966.[4] Den første utgåva kom ut i november-desember 1965, men selde dårleg.[5] Den tredje innspelinga av songen vart ein hit i mai-juni 1966 og nådde 31. plass på den amerikanske singellista.[5] Denne utgåva av The Leaves er den einaste innspelinga av songen som har nådd Topp 40 i USA.[4]

The Surfaris spelte inn songen og gav han ut som B-side til singelen «So Get Out», og vert ofte omtalt som den første rocke-utgåva av songen[11], men mange pålitelege kjelder viser at Surfaris-utgåva av songen kom lenge etter The Leaves sin i 1965.[3][12][13]

The Standells spelte òg inn ei utgåve av songen, kalla «Hey Joe, Where You Gonna Go», som finst på albumet deira Dirty Water frå 1966.[14] Garagerockbandet The Music Machine spelte inn ein sakte, fuzz-prega versjon av songen seint i 1966, som liknar mykje på den seinare utgåva til Jimi Hendrix.[15]

Bandet Love frå Los Angeles, spelte òg inn ei utgåve av «Hey Joe» på debutalbumet deira Love, på Elektra Records i april 1966.[16] Songen hadde kome til bandet via David Crosby i 1965, då gitaristen MacLean jobba som scenearbeidar for The Byrds.[10]

The Byrds spelte inn songen, kalla «Hey Joe (Where You Gonna Go)» på albumet Fifth Dimension i 1966.[10] Crosby hadde ønska å spele inn songen sidan dei starta i 1964, men bandet ville ikkje. Dette irriterte seinare Crosby når andre band fekk små hittar med songen. Bandet let Crosby synge solovokal på songen, sidan det var han som hadde funne songen.[9]

Tim Rose og Jimi Hendrix (1966)

Folkrock-songaren Tim Rose sin meir langsame versjon av songen inspirerte den første singelen av The Jimi Hendrix Experience.[6] Den tidlegare bassisten for The Animals, Chas Chandler, som no var manager for andre artistar, hadde sett Rose spele songen på Cafe Wha? i New York City og såg no etter ein artist som kunne spele inn ein rockeversjon av «Hey Joe».[17][18] Chandler oppdaga Jimi Hendrix, som òg hadde spelt på Cafe Wha? i 1966 og framført eit arrangement av «Hey Joe» inspirert av utgåva til Rose.[18] Chandler valde å ta med seg Hendrix til England i september 1966, der han gjorde gitaristen til ei stor stjerne.[17]

Hendrix si utgåve kom ut i desember 1966 og vart ein hit i Storbritannia, der han nådde sjetteplassen i januar 1967.[19] Singelen vart gjeven ut i USA 1. mai 1967, men nådde ikkje singellista.[20] Innspelinga til The Jimi Hendrix Experience av songen er i dag den mest kjende versjonen[6] og vart plassert på 198. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene..[21] I 2009 vart han kåra til edn 22. beste hardrocksongen gjennom tidene av VH1.[22]

Andre innspelingar

Andre band som har gjort innspelingar av songen er Marmalade i 1968, Deep Purple på debutalbumet Shades of Deep Purple i 1968, Frank Zappa som ein parodisong kalla «Flower Punk» på The Mothers of Invention-albumet We're Only in It for the Money i 1968, Patti Smith gav han ut som singel i 1974.[23]

Utvald liste over innspelingar

  • The Leaves som «Hey Joe, Where You Gonna Go» (Mira 207, desember 1965); innspelt på ny «Hey Joe, Where You Gonna Go» (Mira 222, 1966) og så igjen som «Hey Joe» (Mira 222, mai 1966). Denne siste utgåva nådde 31. plass i USA.
  • The Jimi Hendrix Experience (1966) Nådde sjetteplassen i Storbritannia.
  • Cher (1967) på albumet With Love, Cher. Nådde 94. plass i USA.
  • Wilson Pickett (Atlantic 2648, juli 1969) Nådde 29. plass på den amerikanske R&B-lista, 59. plass på poplista og 16. plass i Storbritannia.
  • The Surfaris som «Hey Joe, Where Are You Going» (Decca 31954, juni 1966)
  • Love (1966) på albumet Love
  • The Byrds på albumet Fifth Dimension (1966)
  • The Standells (1966) på albumet Dirty Water
  • The Music Machine (1966) på albumet (Turn On) The Music Machine
  • The Shadows of Knight (1966) på albumet Back Door Men
  • Warlocks (1966)
  • Tim Rose (1966)
  • The Cryan' Shames (1966) på albumet Sugar & Spice
  • Gonn (1966 eller '67)
  • The SoulBenders (1967) på album et Can't Believe in Love
  • The Hazards (1967) på samleplata Aliens, Psychos and Wild Things, Vol. 2
  • Johnny Hallyday (1967), franskspråkleg versjon på albumet Olympia 67
  • Martò (1967), italienskspråkleg versjon av Francesco Guccini
  • Los Locos (1967), spansk tekst av Rafael Acosta, på Negro es Negro
  • Ant Trip Ceremony (1968) på albumet 24 Hours
  • The Golden Cups (1968), japansk band.
  • The Creation (1968)
  • Marmalade (1968)
  • The Mothers of Invention (1968) parodisong kalla «Flower Punk» frå We're Only In It For The Money
  • Deep Purple på debutalbumet Shades of Deep Purple (1968)
  • Johnny Rivers (1968) på albumet Realization
  • Band of Joy (1968) demoversjon med Robert Plant gjeven ut i 2003 på albumet Sixty Seks to Timbuktu
  • Fever Tree (1970) på albumet For Sale
  • Lee Moses (1971) på albumet Time og Place
  • Carson (1971) på albumet On the Air
  • The Les Humphries Singers (1971) på albumet We'll Fly You to the Promised Land
  • Roy Buchanan (1973)
  • Patti Smith (1974), debutsingelen hennar.
  • Spirit (1975) på albumet Spirit of '76
  • Suzie Hendrix (1978)
  • Alvin Lee (1979) på albumet Ride On
  • Buldožer (1982) på albumet Ako ste slobodni večeras
  • Soft Cell (1983) om ein del av B-sida «Hendrix Medley», seinare gjeven ut på The Art of Falling Apart
  • "Weird Al" Yankovic (1984) som ein del av medleyen «Polkas on 45» på albumet "Weird Al" Yankovic In 3-D
  • Nick Cave and the Bad Seeds (1986) på albumet Kicking Against the Pricks
  • Dead Moon (1988) på albumet In The Graveyard
  • Francesco Di Giacomo (1989) på albumet Non Mettere le Dita nel Naso i duett med Sam Moore
  • Seal (1991) på singelen «Killer».
  • The Offspring (1991 og 1997) på Baghdad EP og som B-side til «Gone Away».
  • Willy DeVille (1992) på albumet Backstreets of Desire
  • Type O Negative (1992) som «Hey Pete» på albumet The Origin of the Feces
  • Jerry Douglas (1992) på albumet Slide Rule. Vokal av Tim O'Brien
  • Buckwheat Zydeco (1992) på albumet On Track
  • Roy Buchanan (1992) på albumet The Best of Roy Buchanan
  • Body Count (1993) på albuma Born Dead og Stone Free
  • Eddie Murphy (1993) på albumet Love's Alright
  • Captain Sensible (1994) på albumet Live at the Milky Way
  • Mathilde Santing (1994) som «Hey Joan», der kvinna skyt mannen.
  • Lick the Tins (1995) på albumet Blind Man on a Flying Horse
  • O Rappa (1996), portugisisk versjon på albumet Rappa Mundi
  • Otis Taylor (1996) på albumet Blue Eyed Monster
  • The Make-Up (1999)
  • Axel Rudi Pell (1999) på albumet The Ballads II
  • Medeski Martin & Wood (2000) på albumet Tonic
  • Franco Battiato (2001) på albumet Ferro Battuto
  • Robert Plant (2002) på albumet Dreamland
  • Brant Bjork (2004) på albumet Local Angel
  • Gabe Dixon Band (2005) på Live at World Cafe
  • Cassie Steele (2005) på albumet How Much For Happy
  • Psychedelic Deja Vu (2006)
  • Gitar Shorty (2006) Gitar Shorty er svogeren til Jimi Hendrix
  • Arklio Galia (2007), litauisk versjon kalla «Ei, Juozai»
  • Bap Kennedy (2009) på albumet Howl On

I media

Hendrix-utgåva finst i fleire filmar:[24]

  • Forrest Gump
  • Empire Records
  • Wayne's World 2
  • Death Sentence
  • Reaper
  • Harold & Kumar Escape from Guantanamo Bay
  • Crooklyn

Roger Waters-songen «Folded Flags» frå filmmusikken til filmen When The Wind Blows refererer til «Hey Joe» i tekstlinjene «Hey Joe, where you goin' with that gun in your hand?» og «Hey Joe, where you goin' with that dogma in your head?»[25]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.