From Wikipedia, the free encyclopedia
Heart Like a Wheel er det femte studioalbumet til Linda Ronstadt, gjeve ut i november 1974. Det var det første albumet hennar som gjekk til topps på Billboard 200 og vann ho ein Grammypris, og det vert rekna som gjennombrotet hennar.
Heart Like a Wheel Studioalbum av Linda Ronstadt | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | November 1974 | |
Innspelt | Juni og september 1974 | |
Studio | The Sound Factory og Clover Recorders i Los Angeles, Track Recorders i Maryland, Record Plant og The Hit Factory i New York City, Trident Studios og AIR Studios i London[1] | |
Sjanger | Rock, countryrock | |
Lengd | 31:40 | |
Selskap | Capitol | |
Produsent | Peter Asher | |
Linda Ronstadt-kronologi | ||
---|---|---|
Don't Cry Now (1973) |
Heart Like a Wheel | Prisoner in Disguise (1975)
|
Singlar frå Heart Like a Wheel | ||
|
Det var det siste albumet Ronstadt gav ut på Capitol Records. Då albumet vart spelt inn hadde Ronstadt alt signert for Asylum Records og gav ut det førre albumet sitt der, men på grunn av kontraktsvilkåra med Capitol, måtte Heart Like a Wheel gjevast ut der.[2]
Heart Like a Wheel vart det første albumet til Ronstadt som gjekk til topps på Billboard Top 200-lista og låg fire veker på toppen av Billboard Countryalbum-lista tidleg i 1975. «You're No Good», den første singelen frå albumet, gjekk til topps på Billboard Hot 100. Ein coverversjon av The Everly Brothers-songen «When Will I Be Loved», låg to veker på andreplassen på Hot 100 i juni 1976 og nådde toppen av Cash Box-lista og Hot Country Songs-lista. Buddy Holly & the Crickets-songen «It Doesn't Matter Anymore», gjekk òg inn Pop-, Adult Contemporary- og Country-listene.[8]
Stephen Holden si melding frå Rolling Stone i 1976 skildra tittelsporet «eit meisterverk innan låtskriving og arrangement» og hylla produksjonen og songutvalet på albumet.[9] Coverversjonen av Hank Williams-songen «I Can't Help It (If I'm Still in Love with You)», og nådde andreplassen på Billboard Hot Country Songs-lista.[10]
Heart Like a Wheel låg 51 veker inne på albumlista.[11]
Nyare meldingar av Heart Like a Wheel reknar i stor grad albumet som høgdepunktet i karrieren til Ronstadt. I meldinga si for AllMusic skildra Stephen Thomas Erlewine det som «eit landemerke i 70-tals poprock.»[3] John Lingan skreiv i meldinga si for Pitchfork at «[Ronstadt] hadde ei kraft, men det var ei superkraft. Sett frå ei side var karrieren til Linda Ronstadt ei soge om ei kvine som gradvis oppdaga krafta i si eiga røyst. Ho hadde tidleg tonen, men du kan høyre at kontrollen hennar aukar på kvart album. Pustinga er meir naturleg, vibratoen vert meir markant. Innan Heart Like a Wheel hadde ho meistra det.»[5]
I 1976 gav album Ronstadt fire Grammypris-nominasjonar. Ho vann prisen for beste kvinnelege countrysong for songen «I Can't Help It If I'm Still In Love with You». Ho vart òg nominert til prisane årets album og beste kvinnelege popsong, medan produsenten Peter Asher vart nominert til årets produsent.[12]
I 2006 rangerte CMT Heart Like a Wheel på 34. plassen på lista si over dei 40 beste countryalbuma i historia.[13] Albumet vart rangert på 490. plassen på lista til Rolling Stone frå 2020 over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[14]
Heart Like a Wheel vart utvald for bevaring i National Recording Registry i 2013 fordi det var «kulturelt, historisk eller estetisk viktig» i amerikansk kulturhistorie.[15]
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «You're No Good» | Clint Ballard jr. | 3:44 |
2. | «It Doesn't Matter Anymore» | Paul Anka | 3:26 |
3. | «Faithless Love» | J.D. Souther | 3:15 |
4. | «The Dark End of the Street» | Chips Moman, Dan Penn | 3:55 |
5. | «Heart Like a Wheel» | Anna McGarrigle | 3:10 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «When Will I Be Loved» | Phil Everly | 2:04 |
2. | «Willin'» | Lowell George | 3:02 |
3. | «I Can't Help It (If I'm Still in Love with You)» | Hank Williams | 2:45 |
4. | «Keep Me from Blowing Away» | Paul Craft | 3:10 |
5. | «You Can Close Your Eyes» | James Taylor | 3:09 |
Total lengd: | 31:40 |
Liste (1974/75) | Plassering |
---|---|
Australia (Kent Music Report)[16] | 35 |
USA (Billboard 200) | 1 |
Frå plateomslaget.[17]
Teknisk
År | Liste | Plassering |
---|---|---|
1975 | Billboard 200 | 1[18] |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.