Havnivåendring
From Wikipedia, the free encyclopedia
Havnivåendringar syner til korleis det midla havnivået endrar seg med tid. For tida aukar havnivået med kring 3 mm/år på global basis. I følgje National Oceanic and Atmospheric Administration (NOAA), «er dette vesentleg raskare enn den midla havnivåauken over fleire av dei tusen siste åra» og veksten kan vere aukande.[3] Denne auken i havnivået verda over kan potensielt råke menneske som lever i kystområde og på øyar[4] og naturleg miljø (marine økosystem).[5] Mellom 1870 og 2004 har det globalt midla havnivået auka med 19,5 cm.[6] Frå 1950 til 2009 har målingar synt ein årleg auke i havnivået på 1,7 ± 0,3 mm per år, medan satellittdata har synt ein auke på 3,3 ± 0,4 mm per år frå 1993 til 2009,[7] ein raskare auke enn tidlegare estimert.[8] Det er uklårt om denne auken syner til ein auke i ein underliggande langvarig trend.[9]
Den globale havnivåauken 1870-2008.[2]
Det er to hovudfaktorar som har medverka til auken i havnivå.[10] Den første er varmeutviding: når havvatnet vert varma opp, utvidar det seg.[11] Den andre er tilførsel av smeltevatn frå landbasert is, som har smelta raskare dei siste 100 åra enn tidlegare.
Havnivåauken er ein av fleire bevis som støttar synet på global oppvarming.[12] Det globale samfunnet av klimaforskarar stadfestar at det er særs truleg at menneskskapt oppvarming har medverka til auken i havnivå som er observert siste halvdel av 1900-talet.[13]
Havnivå er venta å halde fram å auke i fleire hundreår.[14] I 2007 estimerte SN sitt klimapanel (IPCC) at havnivået vil auke frå 18 til 59 cm i løpet av 2000-talet, men «desse tala inkluderer ikkje uvissa i positive klimapådrag frå klima-karbon-syklusen og heller ikkje den fulle effekten av endringar i isstraumane».[15] Nyare estimat av US National Research Council (2010)[16] indikerer ein mogeleg auke i havnivået i løpet 2000-talet på mellom 56 og 200 cm.
På ein tidsskala frå hundreår til tusenår kan smelting av dei store iskalottane føre til enno høgare havnivå. Delvis avising av Grønlandsisen og mogelegeins isen i Vest-Antarktis, kan medverke til 4 til 6 meter auka havnivå.[17]
Eit forskarlag leia av Veerabhadran Ramanathan på Scripps Institution of Oceanography har foreslått at ein rask måte å stoppe den noverande auken på er å kutte utslepp av kortliva klimaoppvarmarar som metan og sot.[18][19]
Sjå òg
- Karbonsyklus
- Global oppvarming
- Vassyklus
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.