From Wikipedia, the free encyclopedia
Harry Lewin Lee Pennell (1882–31. mai 1916) var ein offiser i Royal Navy. Han deltok på Terra Nova-ekspedisjonen til Antarktis 1910–1913 leia av Robert F. Scott. Etter at ekspedisjonen var sett i land ved Cape Evans overtok han kommandoen over ekspedisjonsskipet «Terra Nova» og segla austover med ei gruppe som planla å utforske King Edward VII Land. Ute av stand til å finne ein eigna stad å gå i land, vart det avgjort å reise vestover og utforske Victoria Land. På vegen støytte dei på Roald Amundsen i Hvalbukta under førebuingane hans i kappløpet om Sørpolen. Den 22. februar 1911 oppdaga han Oates Coast som han kalla opp etter kaptein Lawrence Oates. Sjølv har han fått Pennell Coast kalla opp etter seg.
Han fall i Jyllandsslaget 1916 då HMS «Queen Mary» vart søkkt av tyske skip.[1]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.