From Wikipedia, the free encyclopedia
Harold Rupert Leofric George Alexander (10. desember 1891–16. juni 1969) var ein britisk feltmarskalk og politikar som er kjend for bidraga sine under andre verdskrigen. Han var generalguvernør i Canada 1945-52, og britiks forsvarsminister 1952-54 i ei regjering leia av Winston Churchill.[1]
Harold Alexander | |||
| |||
Fødd | 10. desember 1891 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | London | ||
Død | 16. juni 1969 | ||
Dødsstad | Slough | ||
Rang | feltmarskalk, general | ||
Eining | British Army | ||
Konfliktar | den fyrste verdskrigen, Den latviske uavhengighetskrigen, andre verdskrigen | ||
Adelstittel | Earl Alexander of Tunis, Viscount Alexander of Tunis, Baron Rideau |
I 1940 leia Alexander tilbaketrekkinga til dei britiske styrkane over Dunkerque. Deretter var han sjef for forsvaret av Sør-England. Mars-august 1942 var han øvstkommanderande i Burma. Han vart så overflytta til Midtausten, der han leia styrkane som erobra Kyrenaika hausten 1942 og Tripoli i januar 1943. Frå juli 1943 leia han felttoget på Sicilia og den etterfylgjande invasjonen av Italia om hausten. Julaftan 1943 avløyste han Dwight D. Eisenhower som sjef på den italienske fronten og vart i november 1944 øvstkommanderande i middelhavsområdet.[1]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.