From Wikipedia, the free encyclopedia
Harald Stenerud (10. mai 1897–5. februar 1976) var ein norsk jarnbanemann og friidrettsutøvar som perioden 1928-35 vart norsk meister i sleggjekast sju gongar og i diskoskast to gongar. Han vart nummer 4 i diskoskasting ved Sommar-OL 1928.
Stenerud tok si fyrste NM-medalje då han i 1926 vart tredjemann i sleggjekast, året etter tok han sølv i øvinga ved noregsmeisterskapen.
Under Sommar-OL 1928 i Amsterdam enda Stenerud på 16. og sisteplass i sleggjekast med 41,06 meter. To dagar seinare, den 1. august, sette han personleg rekord i diskoskast med 45,80 m og vart fjerdemann i tevlinga. Seinare i same månaden, 18. og 19. august, vart han noregsmeister i sleggjekast og deretter diskoskast. I sleggjetevlinga kasta han fire gongar over den norske rekorden, lengste kastet kom i femte omgang og målte 50,39 meter, ei rekordforbetring med over 3,5 m. I diskostevlinga sette han personbeste med 45,99 meter.
Den 7. august 1929 sette Stenerud norsk rekord også i diskoskasting. Med eit kast på 47,20 meter vann han eit internasjonalt friidrettsstemne på Bislett stadion i Oslo, framfor den førre rekordhaldaren Kittil Askildt. Noregsrekorden vart ståande i seks år.
Stenerud gjekk til topps i sleggjetevlinga under noregsmeisterskapen kvart år fram til 1935, med unnatak for 1932 då han måtte nøye seg med sølv, Sjur Johnsen tok gullmedaljen. I 1931 vart Stenerud dobbeltmeister med di han kasta diskosen lengst av alle.
Stenerud var fødd i Moss og busett i Bergen der han var medlem i TIF Viking. Hans norske rekord i sleggjekasting vart ståande i 21 år, til dess Sverre Strandli tok over som mangeårig norsk rekordhaldar i øvinga.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.