Harald Heide-Steen jr.

norsk komikar og skodespelar From Wikipedia, the free encyclopedia

Harald Heide-Steen jr.

Harald Heide-Steen jr. (18. august 19393. juli 2008) var ein norsk skodespelar, komikar og songar som blant anna var kjent frå rolla som «Dynamitt-Harry» i Olsenbanden-filmane. Han var også kjent som improviserande komikar, gjerne i tospann med Rolv Wesenlund under namnet Wesensteen på slutten av sekstitalet. Heide-Steen jr. var erfaren innan revy- og teatermiljøet, og i tillegg har han hatt fleire soloopptredenar der han var kjent for sine mange figurer, bl.a. «Rikstyristsjef Ottmar Johansen», «Sylfest Strutle», «Russisk ubåtkaptein» og «Flykaptein» for flyselskapet Spantax. Heide-Steen var ein av dei mest populære og folkekjære skodespelarane og komikarane i Noreg.

Harald Heide Steen jr. var fast tilsett ved Det Norske Teatret frå 1992. Den siste rolla han hadde der, var som Dovregubben i Ibsens Peer Gynt.

Thumb
Frå Lysthuset revyteater, 1965. Frå venstre: Rolv Wesenlund, Harald Heide-Steen jr., Trulte Heide Steen, Svein Byhring og Elsa Lystad. Bak: Bengt Calmeyer.
Foto: Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek, AAB-102423

I 2008 gav han ut han jazzplata Musikalske minnerBig Box Records. I 1978 vann han også Spellemannprisen i verbal klasse for Harald Heide-Steen jr. Han fekk Kongens fortenestmedalje i gull i 2005.

Harald Heide-Steen jr. var son av Harald Heide Steen. Han var far til songaren Frikk Heide-Steen.

Filmografi

  • 1951: Storfolk og småfolk, «Ola», sonen
  • 1968: Mannen som ikke kunne le
  • 1970 Olsenbanden og Dynamitt-Harry, «Dynamitt-Harry»
  • 1970: Balladen om mestertyven Ole Høiland, «Jacob Tengsereid»
  • 1971: Lucky Luke (stemme)
  • 1972: Olsenbanden tar gull, «Lillegutt»
  • 1973 Olsenbanden og Dynamitt-Harry går amok, «Harry»
  • 1973: Fem døgn i august
  • 1974 Knutsen & Ludvigsen, «Knutsen»
  • 1974: Bør Børson jr., «fotografen»
  • 1975 Tut og kjør, «politimesteren»
  • 1975: Flåklypa Grand Prix (stemmen til Emanuel Desperados)
  • 1976: Reisen til Julestjernen, «Narren»
  • 1977: Olsenbanden & Dynamitt-Harry på sporet, «Dynamitt-Harry»
  • 1978: Olsenbanden + Data Harry sprenger verdensbanken, «Data-Harry»
  • 1979: Olsenbanden og Dynamitt-Harry mot nye høyder, «Dynamitt-Harry»
  • 1982: Olsenbandens aller siste kupp, «Framandarbeidar som taxisjåfør»
  • 1983: Kamera går - Norsk filmproduksjon gjennom 75 år
  • 1984: Men Olsenbanden var ikke død!
  • 1985: Deilig er fjorden
  • 1989: Bryllupsfesten, «Sverre Pedersen»
  • 1990 Til en ukjent, «Sjåføren»
  • 1990: Herman, «Tjukken», frisøren
  • 1992: Gulasj med Harald Heide-Steen jr.
  • 1994 Svaneprinsessen (orig. The Swan Princess)
  • 1994: Fredrikssons fabrikk - The Movie, «Olaf»
  • 1995: Amalies jul Nissepappa
  • 1997: Mot i brøstet, «Pierre/Ernst»(Bare krøll)
  • 1997: Og takk for det - Wesensteen
  • 1998]]-[[2001: Karl & Co, «Daniel Gasman Smestad»
  • 1999: Olsenbandens siste stikk, «Dynamitt-Harry»
  • 2000 Hundehotellet (orig. Hundhotellet)
  • 2000: Dinosaur
  • 2001 Propp & Berta (orig. Prop og Berta) (stemme)
  • 2001: Atlantis - en forsvunnet verden (orig. Atlantis, the Lost Empire)
  • 2003: Katteprinsen (orig. Neko no Ongaeshi / The Cat Returns)
  • 2004: De utrolige (orig. The Incredibles)
  • 2006: Wesensteen (Opptredener fra Wesensteen saman med Rolv Wesenlund)

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.