From Wikipedia, the free encyclopedia
Hake er den nedste delen av menneskeandletet, nedom munnen. Ho er danna av den framspringande delen av underkjeven og er karakteristisk hjå moderne menneske. Tidlegare mennesketypar hadde ikkje hake.
Som kjeveforma i det heile, er haka knytt til utviklinga av talefunksjonen. Den auka kjevebreidda gjev tunga meir rørslefridom, som fører til at festet for tungemusklane blir forsterka på innsida av haka, og som vidare fører til ytterlegare vekst av hakeframspringet.
Haker kan ha ulike utformingar som byggjer på utforminga av underkjeven. Ein kjend variant er kløft i haka, der midten av haka har eit Y-forma søkk.[1] Dette er ofte ein arveleg eigenskap som er dominant etter Mendels arvelover, men kan påverkast av miljøfaktorar.[2] Kløfta kan koma av at venstre og høgre del av underkjeven, eller underkjevemusklane, ikkje har grodd heilt saman i fosterstadiet. I andre individ kan ei kløft utvikla seg over tid, til dømes om eine kjevedelen er lengre enn den andre.[3]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.