Nittelva er ei elv som har utspringet sitt ved Grua der ho raskt renn ned til Harestuvatnet i den sørlege delen av Lunner kommune i Akershus fylke. Elva renn roleg vidare sørover og endar etter om lag 37 km i Øyeren. Elva har da tilbakelagt ei strekning på 37 km, og har hatt eit fall på om lag 30 meter. Elva høyrer til oslomarkvassdraga.
Den nordre delen av Nittelva renn gjennom Hakadal og vert der kalla Hakadalselva. Ferda mot Øyeren byrjar med brusande stryk og går over i ei brei, roleg og meandrerande flod gjennom Nittedal. Dei siste kilometrane dannar elva eit skilje mellom Strømmen og Lillestrøm i eit industrialisert område før den endar i eit innlandsdelta ved nordenden av Øyeren i Rælingen. Nitelva og breiddene til elva utgjer eit variert og frodig belte gjennom skogsområde, jordbrukslandskap og busetnad.
Namnet på elva
Nittelva, uttala [²nitæɽʋɑ], heitte på norrønt Nitja. Tydinga av dette namnet er noko usikkert, men det kan ha samanheng med ordet net, i tydinga fiskegarn. Det kan òg komme frå verbet hnita, som betyr "å støte saman" (t.d. bølgjer som støyter saman). Elva danna ein viktig del av livsgrunnlaget for dei tidlegaste busetnadane i området, og vassdraget har vorte utnytta til mellom anna isskjering, tømmerfløyting og drift av møller, sagbruk og kraftverk. Fleire stader langs Nittelva finst restar etter slik verksemd og mange stadnamn langs elva gjenspeglar tidlegare bruk av naturressursane.
Det er relativt vanleg, truleg mest i Nittedal, å skrive elvenamnet med éin t, altså "Nitelva", men kommunenamnet med to t-ar, altså Nittedal. Denne skilnaden bryt med offisiell norsk skrivemåte, som krev to t-ar i både elvenamnet og kommunenamnet. Skrivemåten "Nitelva" har basis i korkje nyare eller tradisjonell uttale eller i historia til namnet, og er difor ikkje følgd her.
Flora og fauna
Elva er godt eigna til sportsfiske. Opp til Rotnesfossen finst dei fleste av ferskvassfiskane i Noreg, og 21 artar er registrert. Av desse er gjedde, gjørs, åbor og karpefisker dei vanlegaste. Nord i vassdraget finst òg ein bestand av aure. Langs elva kan ein òg oppleve eit innhaldsrikt og variert dyre-, fugle- og planteliv, og har ein viktig økologisk funksjon som leveområde og spreiingskorridor for ein rekke artar. Her kan ein oppleve både tett granskog, frodig lauvskog, myrer, blomsterenger, sivskog og vassplanter. Av dyre- og fugleartar langs elva finn ein bever, gråhegre og rådyr. På grunn av det biologiske mangfaldet er Nitelva eit verna vassdrag, og i nedre del av vassdraget er det oppretta to naturreservat; Sørumsneset og Nordre Øyeren naturreservat.
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.