Høgskolen i Nesna
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
From Wikipedia, the free encyclopedia
Høgskolen i Nesna (HiNesna) er ein tidlegare høgskule i Nesna som no utgjer Nord universitet, studiestad (campus) Nesna. 1. januar 2016 blei HiNe slått saman med Universitetet i Nordland[1] og Høgskolen i Nord-Trøndelag til Nord universitet.[2]
Høgskolen hadde vel 1200 studentar og 130 tilsette. Han vart etablert som følgje av at lærarhøgskolen i Nesna vart omorganisert som ein del av Høgskolereforma i 1994. Frå 1918 og fram til 1994 var høgskolen kjend som Nesna lærerhøgskole.
Høgskolen i Nesna er den nest eldste institusjon for høgare utdanning Nord-Noreg. I tillegg til hovudcampus på Nesna, hadde HiNe studielokalitetar i Mo i Rana, i Sandnessjøen, i Brønnøysund og Mosjøen, og studietilbod i Narvik. Høgskolen var involvert både i ordinære forsknings- og utviklingsprosjekt og i prosjekt innanfor næringsretta høgskolesatsing.
Høgskolen sin online skriftserie er «Fredrikke», oppkalla etter kvinnesaksforkjemparen Fredrikke Tønder-Olsen.
Høgskolen gav tilbod om fag- og profesjonsstudie innan informatikk, naturfag, idrett, musikk, drama, lærarutdanning og sjukepleiarutdanning. Desse kunne ein ta i varierande lengder frå halvårseiningar til bachelorgradar, mastergradar og somme doktorgradstudie, i tillegg til ei rad kurs-, etter- og vidareutdanningar.
Høgskolen var delt i fleire fagseksjonar:
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.