Remove ads

Høgislandsk (háfrónska) er eit språkleg eksperiment som blir utført av belgiaren Jozef Braekmans. Målet med eksperimentet er å skape eit ultrapuristisk, metaforisk og arkaisk islandsk. Målet er å laga ei slags symbolsk tilflukt for dei islendingane som ikkje er einige i internasjonaliseringa av morsmålet deira, og som vil snakke eit islandsk som høyrest så mellomalderleg og reint som mogleg. Namnet háfrónska er danna etter ‘høgnorsk’, namnet på den klassiske nynorsken. Uttrykket ‘frónska’ stammar frå ‘frón’, eit poetisk namn på Island og eitt av namna på ’jorda’ i Snorre-Edda.

Thumb
Ein høgislandsk propagandabild: islending, målreinsingsart

Háfrónska dreier seg spesielt om ‘málgjörhreinsun’ (ultrapurismen) og omset eller fortolkar dermed mange ord, inkludert eigennamn, geografiske namn og namn på kjemikaliar. Ein nyttar au kjente ord: til dømes beinstál (bein-stål, kalsium), surtsgull (gullet frå Surt, kjempa frå den brennande verda Muspelheim, svovel), haðarrúnir (runene frå Hod, den blinde guden, blindeskrift), þórsilmur (dei herlege duftene frå Thor, ozon), ginnungahvellur (det store smellet (big bang), etter ‘ginnungagap’, det store og tomme rommet i opphavet til tida, forstavinga ‘ginnunga-‘ tyder både ‘stordom’ og ‘tidas byrjing’). Hjartet til språkrørsla er heimesidene deira, der Pétur Þorsteinsson er ordstyrar. Språket har ingen offisiell status på Island.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.

Remove ads