Anders Gunde Svan (fødd 12. januar 1962) er ein svensk, tidlegare langrennsløpar frå Järna församling i Vansbro kommun i Dalarna. Han vann fire gullmedaljar, ein sølvmedalje og ein bronsemedalje i to vinter-OL, samt sju gull, tre sølv og ein bronse i fire ulike verdsmeisterskap på ski.
Gunde Svan | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 12. januar 1962 (62 år) Vansbro |
Idrett | langrenn |
Tok del i | langrenn under Vinter-OL 1988, cross-country skiing at the 1984 Winter Olympics – men's 15 kilometres, cross-country skiing at the 1984 Winter Olympics – men's 4 x 10 km relay, cross-country skiing at the 1984 Winter Olympics – men's 30 kilometres, Ski-VM 1982, Ski-VM 1985, Ski-VM 1987, Ski-VM 1989, Ski-VM 1991 |
Utmerkingar | Holmenkollmedaljen |
Svan vann i løpet av 1980-åra verdscupen fem gongar. Han gjekk til topp i 30 enkeltrenn. Mellom 1984 og 1991 vart han 16 gongar svensk meister, fire av SM-gulla kom i stafett for Dala-Järna, alle fire saman med Svenn-Erik Danielsson, medan Erik Östlund og Lars Håland begge var med på to triumfar.
Svan vart tildelt Svenska Dagbladets gullmedalje i 1984, året etter fekk han Holmenkollmedaljen.
Frå 2007 til 2009 var Gunde Svan sjef for det svenske landslaget i langrenn.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Gunde Svan» frå Wikipedia på svensk, den 17. juli 2012.
Bakgrunnsstoff
- (en) Gunde Svan – Profil og resultatoversikt hos FIS
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.