From Wikipedia, the free encyclopedia
Sampooran Singh Kalra (fødd 18. august 1934), kjend under artistnamnet sitt Gulzar, er ein indisk diktar, låtskrivar og filmregissør.[1]
Gulzar | |
Pseudonym | Gulzar |
Statsborgarskap | India |
Fødd | 18. august 1934 (90 år) Dina |
Yrke | filmregissør, manusforfattar, filmprodusent, lyrikar, skribent, songtekstforfattar, låtskrivar |
Ektefelle | Raakhee |
Born | Meghna Gulzar |
Gulzar på Commons |
Gulzar var fødd i Jhelum distrikt i Britisk India (noverande Pakistan). Familien hans, som var sikhar, flytta til India etter delinga av Britisk India. Han byrja karrieren sin som låtskrivar for S.D. Burman til filme Bandini frå 1963, og har verka med fleire komponistar av filmmusikk som R.D. Burman, Salil Chowdhury, Vishal Bhardwaj og A.R. Rahman. Han regisserte sjølv filmar som Aandhi og Mausam på 1970-talet og fjernsynsserien Mirza Ghalib på 1980-talet.
I 2004 blei han tildelt Padma Bhushan, den tredje høgaste sivile utmerkinga i India.[2] I 2013 vann han Dadasaheb Phalke-prisen, den høgaste prisen innan indisk film.[3] Han har også vunne Sahitya Akademi-prisen for urdu for novellesamlinga Dhuan i 2002 og fleire gonger den indiske National Film-prisen, 23 Filmfare-prisar, ein oscarpris og ein grammypris.[4][5]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.