From Wikipedia, the free encyclopedia
Det er tradisjonelt 32 grevskap i Irland. 26 av desse ligg i Republikken Irland, medan dei resterande seks ligg i Nord-Irland. Grevskapa vart oppretta på 1800-talet for å utbetre ordninga for lokalstyre innanfor dei fire eldgamle provinsane. Dei er basert på distrikt som tildels vart definert alt i normannisk tid.
Sjølv om enkelte av grevskapa i nyare tid har vorte endra, og dei seks i Nord-Irland ikkje lenger er administrative einingar, vert dei framleis nytta ved fleire høve, som til dømes organiseringa av idrett.
Republikken Irland |
Seks av dei 26 grevskapa i Republikken har meir enn eitt administrativt distrikt, slik at det er total 34 einingar på grevskapsnivå. Tipperary vart delt i nord og sør alt i 1898, då grevskapa formelt vart administrative einingar. Dublin vart delt i fire (Dun laoghaire-Rathdown, Fingal, South Dublin og City of Dublin) i 1992. I tillegg utgjer byane Cork, Galway, Limerick og Waterford eigne distrikt.
I Nord-Irland vart det i 1973 gjennomført ei omfattande reform. Dei åtte einingane, seks grevskap og dei to bydistrikta Belfast og Derry, vart erstatta av 26 distrikt. Fleire av desse kryssar dei tradisjonelle grevskapsgrensene. Dei åtte eldre eininga er bevart som statthalderskap.
|
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.