norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Grete Anni Berget (25. mars 1954–9. november 2017) var ein norsk journalist og politikar frå Arbeidarpartiet, fødd på Vinstra i Gudbrandsdalen, der ho voks opp i eit arbeidarklassemiljø[1].
Grete Berget | |||
| |||
Fødd | 25. mars 1954 Vinstra | ||
---|---|---|---|
Død | 9. november 2017 (63 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar, journalist | ||
Ektefelle | Per Ritzler | ||
Alle verv |
Ho har studerte pedagogikk (1976–1977) og samfunnspolitikk og offentleg administrasjon (1981–1982) ved Oppland distriktshøgskole, og journalistikk ved Norsk journalistikkhøgskole (1984–1985). Berget har arbeidd som lærar i barne- og ungdomsskulen, i tillegg til at ho har vore journalist i avisa Dagningen, NRK Oppland og politikkavdelinga i Arbeiderbladet. Frå 1982 til 1984 var ho redaktør for medlemsavisa til AUF, og frå 1985 til 1987 leiar av AUF.
Grete Berget var informasjonsleiar ved kontoret til statsministeren i 1988–1989 og personleg rådgjevar for Gro Harlem Brundtland i 1989–1990. Ho heldt fram som statsråd og sjef for Barne- og familiedepartementet i regjeringa Brundtland III frå 1991 til 1996. Ho var dessutan informasjonssjef i Arbeidarpartiet frå 1998 til 2001. I 2002 vart ho rådgjevar i Europarørsla, og sidan 2003 har ho vore generalsekretær der. Ho har dessutan sete i styret for Universitetet i Oslo sidan 2006. Berget var busett i Oslo.
Som sjef for Barne- og familiedepartementet under regjeringa Brundtland fremma Grete Berget i 1993 saka om innføringa av fedrekvota ved fødselspermisjon, og skal seinare ha sagt at ho kjende seg glad og stolt kvar gong ho såg ein mann trille barnevogn. Ho var dessutan den fyrste statsråden som fekk barn og tok ut permisjon etterpå[2].
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.