Gregale
From Wikipedia, the free encyclopedia
Gregale er ein vind i Middelhavet som kan oppstå når eit lågtrykk ligg sør for Malta og skapar ein kraftig, nordaustleg, kald vind på øya. Han kan òg råke andre øyar i det vestlege Middelhavet.
Namnet kjem frå det italienske grecale, og syner til øya Zakynthos i Hellas.
Dette er truleg euroclydon-vinden, frå det greske Euros (aust) og kludo (stormflod) eller det latinske Aquilo (nord) som førte til at Paulus forliste på Malta på veg til Roma.[1]
Sjå òg
Bakgrunnsstoff
- Lokale middelhavsvindar Arkivert 2007-09-22 ved Wayback Machine.
- Namn på vindar
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.