Gold Dust Woman
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Gold Dust Woman» er ein song av Fleetwood Mac frå albumet Rumours i 1977. Han vart skriven og sungen av Stevie Nicks og gjeven ut som B-sida til «Don't Stop» (i Storbritannia) og «You Make Loving Fun» (i USA). I lag med «Rhiannon,» «Landslide» og «Dreams», vert han ofte rekna som ein av signaturlåtane til Stevie Nicks av innspelingane hennar med Fleetwood Mac.[1]
På 2004-utgåva av Rumours finst to demoversjonar av «Gold Dust Woman», ein med ein vokalmelodi og tekst i mellomspelet som seinare vart utvikla til ein eingen song, «If You Ever Did Believe», i 1997. Nicks spelte inn denne med den nær venen Sheryl Crow som del av innspelinga til Trouble in Shangri-La, som først kom ut i 2001, men songen vart vald som kjenningsmelodi for filmen Practical Magic med Nicole Kidman og Sandra Bullock frå 1998. Så langt har «If You Ever Did Believe» berre blitt gjeven ut på filmmusikkalbumet til denne filmen.
Remove ads
Bakgrunn
Opptaket som frå 1977 som vart nytta på Rumours vart visstnok spelt inn kl. 04 om natta, etter ei lang natt med fleire forsøk i studio. Like før og under det siste opptaket hadde Stevie Nicks sveipa eit svart skjer rundt hovudet (men ikkje munnen).[2] Det vart nytta fleire uvanlege instrument på innspelinga, mellom anna ein elektrisk cembalo med ein jet-phaser, som var markert med tape, slik at Mick Fleetwood kunne spele dei rette tonane. For å framheve vokalen til Nicks, knuste Fleetwood glasruter. Nicks sa seinare «Han hadde på seg vernebrillet og kjeledress - det var ganske morosamt. Han tok heilt av og slo laus på glaset med ein stor hammar. Han prøvde å gjere det i takt, men det var vanskeleg. Til slutt sa me 'Berre knus glaset' og me passa det til seinare.»[3]
Remove ads
Medverkande
- Stevie Nicks – vokal
- Lindsey Buckingham – gitarar, dobro, korvokal
- Mick Fleetwood – trommer, kubjølle, cembalo, lydeffektar
- Christine McVie – Fender Rhodes, korvokal
- John McVie – bassgitar
Andre versjonar
Hole-versjonen
Det amerikanske alternativ rock-bandet Hole spelte inn songen i 1996 som den niande singelen deira på Geffen. Songen vart òg gjeven ut på filmmusikkalbumet til The Crow: City of Angels og var produsert av Ric Ocasek frå The Cars.
Lister
I andre media
- Originalversjonen frå 1977 var nedlastbar i spelet Rock Band 3 i 2011.
- Hardrockbandet Halestorm spelte inn songen i 2013 for albumet sitt Reanimate 2.0: The Covers EP.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads