From Wikipedia, the free encyclopedia
Godtfred Holmvang (7. oktober 1917–19. februar 2006) var ein norsk idrettsutøvar og forsikringsmann, fødd i Bærum. Han vart europameister i tikamp under EM i friidrett 1946 i Oslo. Mellom 1939 og 1948 vann han fem NM-titlar i friidrett; tre i tikamp og ein kvar på 110 m hekk og 400 m hekk. Holmvang, som utvandra til British Columbia i Canada og døydde der, var medlem av Tyrving IL.
Godtfred Holmvang | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 7. oktober 1917 Stabekk |
Død | 19. februar 2006 (88 år) Vancouver |
Idrett | friidrett, alpint |
Tok del i | Sommar-OL 1948 |
Utmerkingar | Aftenpostens Gullmedalje, Egebergs Ærespris |
Holmvang var aktiv i fleire idrettsgreiner. Allereie før andre verdskrigen viste han seg som eit stort friidrettstalent og tok sitt fyrste NM-gull i tikamp i 1939. Han dreiv elles med seglsport og etterkvart også med den ferske idretten ski i alpine greiner.
I 1946 vann han tre gullmedaljar i norske friidrettsmeisterskap. Han sigra i begge hekkeløpa på Bislett stadion og han vann tikampen. Under EM i friidrett 1946, som vart avvikla på nettopp på Bislett stadion i slutten av august månad, stod han for ei stor bragd. Før den avsluttande øvinga i tikampen, 1500-meteren, hadde han minst 14 sekundar å ta inn på leiaren, sovjet-russaren Sergej Kuznetsov. Særleg på den siste runda auka Holmvang forspranget og under stor jubel slo han Kuznetsov med 18 sekundar. «Norge hadde fått sin første europamester i friidrett – og sin første store internasjonale triumf etter krigen.»[1] For dette tikamp-gullet vart han tildelt Morgenbladets Gullmedalje.
Holmvang vart tildelt Egebergs ærespris i 1946 for sine prestasjonar i friidrett og på ski. Han gjorde sitt beste NM-renn på Voss i 1947, då han i utfor enda på fjerdeplassen.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.