Glyfáda (gresk Γλυφάδα) er ein kommune i forstadane til Aten i Hellas. Kommunen inngår i byområdet til Aten, og høyrer frå 2011 administrativt til periferieininga Sør-Aten i periferien Attikí.[2]

Meir informasjon Glyfáda Lokalt namn Γλυφάδα, Geografi ...
Glyfáda
Lokalt namn Γλυφάδα

Hamna i Glyfáda
Geografi
StadAten
Koordinatar37°52′N 23°45′E
Areal25,37 km²
Administrasjon
LandHellas
Periferi
Periferieining
Attikí
Sør-Aten
HovudseteGlyfáda (89 597 innb.)
Demografi
Folketal89 597 (2021[1])
Folketettleik3532 /km²
Lukk

Glyfáda strekkjer seg frå foten av Ymittós til Saroniabukta. Det er ein av dei største forstadane til Aten i sør og er delt inn i Káto (nedre) Glyfáda ved sjøen og Áno (øvre) Glyfáda ved Ymittós. Området er i Hellas kjend for sitt yrande natteliv, dyre restaurantar og butikkar og kjendisane som kjem her.

I antikken var området eit deme kalla Aixone (Αιξώνη).

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kjelde

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.