From Wikipedia, the free encyclopedia
Gjermundnes er eit nes ved munninga av Tresfjorden i Romsdalsfjorden, Vestnes kommune, Møre og Romsdal. Gjermundnes er også namnet på den gamle storgarden på neset. Delar av garden blir nytta til landbruksskulen for Møre og Romsdal, der er også Landbruksmuseet for Møre og Romsdal. På Gjermundnes er det fleire store gravrøyser og rike funn frå steinalder og jernalder. Gjermundnes kan ha eksistert som gardsbruk allereie i steinalder eller bronsealder. På 1600-1700-talet hadde fleire futar over Romsdal sete på Gjermundnes. Gerhard Schøning vitja garden som framsto som eit mønsterbruk «en af de største og beste Gaarde i Romsdalen».[1]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.