italiensk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Giorgia Meloni (fødd 15. januar 1977) er ein italiensk journalist og politikar som har vore Italia sin statsminister sidan den 22. oktober 2022. Ho er den fyrste kvinnelege statsministeren i Italia.[1][2]
Giorgia Meloni | |||
| |||
Fødd | 15. januar 1977 (47 år) Roma i Italia | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Italia | ||
Parti | Italia sine Brør (italiensk: Fratelli d'Italia) | ||
Yrke | Politikar | ||
Far | Francesco Meloni | ||
Sambuar | Andrea Giambruno | ||
Barn | Ginevra Giambruno | ||
Føregangar | Mario Draghi | ||
Alle verv |
|
Giorgia Meloni kjem frå ein relativt velståande familie. Då ho vart fødd i Roma den 15. januar 1977, arbeida faren hennar, som er av sardinsk opphav, som rekneskapsførar og var medlem av det italienske kommunistpartiet. Mora hennar, som er av siciliansk opphav, var høgreorientert og ei heimeverande hustru.[3]
Då Meloni var tre år gamal, kveikte ho ved eit uhell ein brann i familiebustaden, medan ho leika med fyrstikkar med systera.[3] Familien flytta dernest til Garbatella-distriktet sør for hovudstaden. Giorgia sine foreldre skilde seg kort tid etter, og faren fór til Kanariøyane for å driva forretning der. Giorgia Meloni braut dernest kontakten med faren og har ikkje tala med han sidan.
Giorgia Meloni er utdanna lingvistikk og har arbeida som journalist. Ho har ei dotter med partneren sin, Andrea Giambruno.[4]
Ho har uttala at ho er motstandar av at homofile par skal kunna inngå ekteskap eller adoptere barn. Ho er også oppteken av å forsvara det ho sjølv definerer som kristne verdiar. Ho vil utvida dei økonomiske støtteordningane til familiane, og ho vil gjera det lettare for kvinner å kombinera yrkeskarriere og famileliv.
Meloni er tilhengjar for å innføra tiltak for å stramma inn innvandringspolitikken.
Sjona hennar på økonomisk politikk er prega av liberalisme. Ho er tilhengjar av å innføra flat skatt for privatpersonar og å hjelpa italienske selskap til å verta meir konkurransedyktige.
Ho har forsvara den ungarske statsministeren Viktor Orbán, og har uttala seg at ho har henta inspirasjon frå Ronald Reagan og pave Johannes Paul II.[5]
Frå 2008 til 2011 var Meloni ungdoms- og idrettsminister i Silvio Berlusconi si regjering.[6]
Ho har vore leiar for Italia sine Brør sidan 2014. Partiet er eit høgreorientert populistisk nasjonalistisk parti som vart danna av den italienske sosiale rørsla, eit nyfascistisk parti som opprinneleg vart grunnlagt av gamle medlemer av det fascistiske partiet.
Sidan 2020 vore leiar for europapartiet Europeiske konservative og reformatorar, som er skeptiske til EU.
Ved det italienske valet den 26. september 2022 fekk partiet hennar ei oppslutning på 26 %, og vart det partiet med best oppslutning.[7]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.