Gimzo
From Wikipedia, the free encyclopedia
Gimzo (hebraisk skrift גִּמְזוֹ) er ein religiøs moshav sentralt i Israel. Han ligg mellom Lod og Modi'in og høyrer til Hevel Modi'in regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 812.
Gimzo | |||
גִּמְזוֹ | |||
moshav | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Sentral | ||
Kommune | Hevel Modi'in | ||
Koordinatar | 31°55′31.43″N 34°56′30.48″E | ||
Folketal | 1 198 (2021)[1] | ||
Grunnlagd | 28. februar 1950 | ||
• Grunnlagd av | Ungarske immigrantar | ||
Tilhøyrsle | Agudat Israel Workers | ||
![]() Gimzo 31.925277777778°N 34.941666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Gimzo | |||
Geografi
Moshaven er i utkanten av Ben Shemen-skogen, kring seks kilometer søraust for Lod, på dei vestlege slettene ved foten av Judeafjella.
Historie
Gimzo vart først nemnd i Bibelen i perioden kring 740 fvt., då filistrane erobra området frå kong Ahaz i Israel. I Krønikeboka II 28:18 invaderte filistrane byane i låglandet og Negev-området i Judea, og fleire stader.
Ein trur namnet Gimzo kjem frå fikenfrukta, som vert kalla «Gomez» og som det veks mykje av i området.
Under den arabisk-israelske krigen i 1948 vart den palestinske landsbyen Jimzu avfolka, og innbyggjarane vart flyktningar.[2]
Moshaven vart grunnlagd av ei gruppe immigrantar frå Ungarn den 28. februar 1950. Grunnleggjarane var ei gruppe frå Satmar Chassidim kalla Etz Chaim (livets tre), tilknytt Agudat Israel Arbeidarar.[3]
I 1951 sendte dei israelske styresmaktene ei gruppe immigrantar frå Marokko til moshaven for å auke folketalet. I 1977 slo ei gruppe på 12 unge familiar seg ned der òg.
I dag består moshaven av 140 familiar med over 700 innbyggjarar, inkludert ultraortodokse og ortodokse jødiske innbyggjarar av både sefardisk og askenasisk bakgrunn.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.