offiser og medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll From Wikipedia, the free encyclopedia
Georg Ulrik Wasmuth (19. mars 1788–16. oktober 1814)[1] var ein norsk offiser og eidsvollsmann.
Georg Wasmuth | |
Georg Ulrich Wasmuth av Ragna Hennig-Larsen Måleriet tilhøyrer Eidsvoll 1814. Frå DigitaltMuseum | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 19. mars 1788 |
Død |
16. oktober 1814 (26 år) |
Yrke | politikar, offiser |
Språk | norsk |
Georg Wasmuth på Commons |
Wasmuth var fødd i Kristiansund, der faren var kjøpmann. Han vart offiser i 1805, steig til kaptein i Første Trondhjemske Infanteri-Regiment i 1811.[1] Etter å ha kjempa mot svenskane i felttoget i Jemtland i 1808 fekk han Dannebrogordenens hæderstegn.
I 1814 vart han vald til å representere regimentet under riksforsamlinga på Eidsvoll, som 1. utsending.[2] Han slutta seg til Sjølvstendepartiet.[3]
I 1814 budde han på lensmannsgarden Øvre på Ytterøya i Levanger.[4]Han døydde her allereie hausten 1814, 26 år gamal. På seinsommaren hadde han vore med i kampane både i Trøndelag og ved Glomma, og han kan ha døydd av skadar.[4]
17. mai 1914 vart ein minnestein over Wasmuth avduka på kyrkjegarden på Ytterøya.[4]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.