From Wikipedia, the free encyclopedia
Geez eller ge'ez er eit gammalt sørsemittisk språk som oppstod i dagens Eritrea og nordlege Etiopia på Afrikas horn. Det var seinare offisielt språk i kongeriket Aksum og ved det etiopiske keisarhoffet. I dag er geez liturgisk språk innan delar av etiopisk kristendom og jødedom.
Geez blei tala av semittar som vandra inn til Etiopia frå sørlege Arabia i førkristen tid, og blanda seg med den eldre hamittiske folkesetjinga. Geezskrifta, som blir kalla fidel, blei utvikla frå det sørarabiske alfabetet. Dei eldste geez-tekstane er innskrifter frå 300-talet. Som i andre semittiske språk hadde ikkje skrifta vokalteikn, men desse blei lagde til i dei påfølgjande hundreåra gjennom små strekar eller mindre endringar av konsonantteikna.
Geez-omsetjinga av Bibelen stammar frå rundt år 500. Fleire andre kristne tekstar, som apokryfa og salmar, finst også nedskrivne på geez. Etiopiske jødar bruker ei geez-omsetjing av sine heilage tekstar (hovudsakleg frå Tanákh, den hebraiske bibelen). Eit anna viktig geezverk er Kebra Nagast, som både ein del kristne og rastafariar reknar som guddommeleg inspirert.
Frå 900-talet blei geez avløyst som talespråk av språk som tigrinja og amharisk. Den etiopiske kyrkja og etiopiske jødar har halde på geez som liturgisk språk.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.