Gaular kommune
tidlegare kommune i Sogn og Fjordane fylke i Norge From Wikipedia, the free encyclopedia
Gaular er ein tidlegare norsk kommune i Sogn og Fjordane fylke. Frå 1. januar 2020 blei området del av Sunnfjord kommune.
Gaular kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Sogn og Fjordane | ||
Adm.senter | Sande | ||
Areal | 582 km² | ||
• land | 541 km² | ||
• vatn | 41 km² | ||
Målform | nynorsk | ||
Ordførar | Mathias Råheim (H) | ||
Kommunenr. | 1430 | ||
![]() Gaular kommune 61.333888888889°N 5.7888888888889°E | |||
Wikimedia Commons: Gaular | |||
Nettstad: www.gaular.kommune.no | |||
Geografisk plassering
I vest grensa kommunen mot Fjaler og dekte indre delar av Dalsfjorden. Vidare strekte kommunen seg austover langs med Gaulavassdraget inn mot Gaularfjellet og Jostedalsbreen. Mot aust grensa kommunen mot Balestrand.
I nord grensa kommunen mot Førde og Askvoll. Førde var den næraste byen for Gaular og flyplassen til Førde (Førde lufthamn, Bringeland) låg i Gaular.
I sør grensa kommunen mot Høyanger i Sogn.
Busetnad
Det var tre hovudbygder i kommunen, Bygstad i vest, Sande og Viksdalen i aust. Busetnaden er ganske spreidd og det er få klare skilje mellom bygdene. Kommunesenteret var på Sande, der også den største skulen er plassert.
Folketalsutvikling
Folketalsutvikling for Gaular kommune frå 1920:
- a Talet omfattar ikkje mesteparten av grunnkrinsen Hestad på nordsida av Dalsfjorden, som var del av Fjaler kommune fram til 1990, då det vart overført til Gaular kommune. Dette området hadde då 90 innbyggjarar.
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.