Galápagosøyane (offisielt namn archipiélago de Colón) er ei øygruppe av vulkansk øyar fordelt rundt ekvator i Stillehavet, 972 km vest for det kontinentale Ecuador. Øygruppa er ein del av staten Ecuador og er mest kjend for dyrelivet der.

Kjappe fakta Land, Provins ...
Galápagosøyane
Archipiélago de Colón
øygruppe
Thumb
Thumb
Flagg
Land  Ecuador
Provins Galápagosprovinsen
Hovudstad Puerto Baquerizo Moreno
Areal 7 880 km²
Type Autonom region
Folketal 25 000 (2010)
Thumb
Galápagosøyane
0.66666666666667°S 90.55°W / -0.66666666666667; -90.55
Thumb
Kart som viser Galápagosøyane.
Kart som viser Galápagosøyane.
Wikimedia Commons: Galápagos Islands
Lukk

Galápagosøyane og farvatna omkring formar ein ecuadoriansk provins, ein nasjonalpark, og eit biologisk marint reservat. Det viktigaste språket på øyane er spansk. Øyane har ein folkesetnad på rundt 23 000.

Øyane er geologisk unge og vidgjetne for endemiske artar som første gongen vart undersøkte av Charles Darwin under reisa med HMS «Beagle». Observasjonane hans og samlingar frå reisa bidrog til starten av Darwin sin teori om evolusjon ved naturleg utval.

Den første skissa til eit navigasjonskart av øyane vart gjort av den engelske piraten Ambrosius Cowley i 1684. Han kalla opp dei einskilde øyane etter nokre av sine piratkollegaer eller etter dei engelske adelsmennene som stødde piratsaka. Seinare har den ecuadorianske regjeringa gjeve dei fleste av øyane spanske namn. Medan spanske namn er offisielle, vil mange brukarar, spesielt økologiske forskarar, halde fram med å bruke dei eldre engelske namna, ettersom det var dei namna som var i bruk då Charles Darwin vitja øygruppa.

Bilete

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.