Ein sjørøvar eller pirat er ein person som driv med sjørøveri, plyndring til havs eller ved hjelp av skip. Sjørøvarar har vore til så lenge folk har ferdast til havs, men folkelege førestillingar plasserer dei gjerne i Karibia på 1600-talet. Ein typisk sjørøvar av dette slaget har gjerne trebein eller augelapp og er pynta med gull, smykke og prangande klede. Flagg med daudinghovud, nedgravne skattar og ein papegøye som kjæledyr er andre effektar ein gjerne forbind med sjørøvarar. Sjørøvarar er blitt til lett kjennbare figurar i populærkulturen, og det er vanleg å leika eller kle seg ut som sjørøvar, mora seg med sjørøvarleiketøy eller -dekorasjonar, og sjå på sjørøvarar som underhaldning i bøker, teaterframsyningar og på film.
- Sjå òg sjørøveri og piratkopiering
Sjørøvarar i populærkulturen
Sjørøvarførestillingane våre har rot i litteratur og film, særleg skrifter og seinare filmatiseringar av Daniel Defoe. Defoe stod bak ei rekke halvsanne brev og historier, førte i pennen av påståtte sjørøvarar, der han la fram det frie og rettferdige livet sjørøvarar imellom som ein kontrast mot den engelske samfunnsordninga. Mange av desse tok utgangspunkt i fengsla sjørøvarar Defoe hadde treft som reporter for Applebee's Journal på 1720-talet.
Figurar som Kaptein Krok, i den kjende forteljinga om Peter Pan, og den skremmande Long John Silver med trebeinet, i Skatten på sjørøverøya av Robert Louis Stevenson, har også hatt stor påverknad på det moderne sjørøvarbiletet. Filmatiseringa frå 1950 med Robert Newton som Long John Silver la grunnlaget for førestillinga om at sjørøvarar snakka engelsk med Cornwall-aksent.
Den populære komiske operaen The Pirates of Penzance av Gilbert & Sullivan frå 1879 framstilte britiske sjørøvarar som likandes sjøfolk. Sjørøvarar har seinare dukka opp i fleire humoristiske samanhengar, som i fjernsynsserien Brødrene Dal og Professor Drøvels hemmelighet (1978) eller Monty Python-filmen The Meaning of Life (1983). Dataspelserien Monkey Island handlar også om nokre løgne sjørøvarar.
Interessa for sjørøvarar steig i Noreg då Terje Formoe skapte barnefiguren Kaptein Sabeltann i 1989. Internasjonalt kom gruppa tilbake i søkelyset med filmserien Pirates of the Caribbean der Johnny Depp gjorde inntrykk med den flotte og morosame sjørøvarkapteinen Jack Sparrow.
Sjørøvarar i dag
Sjørøvarar er vortne meir vanlege dei siste åra, og er verksame mellom anna kring kystane av Afrika, i Adenbukta og i Gulehavet. Det er ulike grunnar til at denne drifta har fått ei ny bløming, men noko av grunnen kan skuldast sundbroten økonomi i land som Somalia eller Nigeria. Det er utstrekt sameining om å finne ei løysing på dette problemet, som er eit trugsmål mot internasjonal skipsfart i dei aktuelle områda.
Sjørøvarane nyttar ofte lette gummibåtar for å ta seg inn til store fartøy, som så blir borda og tekne til hamner som er under røvarkontroll. Røvarane krev så løysepengar av skipsreiarane eller staten der skipet er registrert.
Tidleg i august 2009 vart eit lasteskip kapra utanfor kysten av Gotland i Austersjøen. I desse farvatna hadde det til då ikkje vore sjørøvarar på om lag 600 år. Skipet skulle til Algerie, men kvarv frå radaren utanfor kysten av England.
Kjende sjørøvarar
- Samuel Bellamy
- Anne Bonny
- Stede Bonnet
- Francis Drake, «The Gentleman Pirate»
- Henry Every
- William Kidd
- Henry Morgan
- François l'Ollonais
- John Rackham
- Mary Read
- Edward Teach, Blackbeard
- Amaro Pargo
Oppdikta sjørøvarar
- Sjørøvarskip og mannskap som alltid blir senka, opptrer som fast innslag i den franske teikneserien Asterix.
- Kaptein Krok i Peter Pan
- Kaptein Sabeltann
- Long John Silver i Skatten på sjørøverøya
- Jack Sparrow
- Guybrush Threepwood i Monkey Island
Bakgrunnsstoff
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.