From Wikipedia, the free encyclopedia
Full storm er den midtre av stormkategoriane med kategori 10 på beaufortskalaen.[1] Vindsnøggleiken er då 24,5 til 28,4 m/s, 88-102 km/t eller 48–55 knop.[2] I eldre sjønemning heiter vindstyrken «storm».
Full storm er sjeldan inne i landet. Han kan føra til at tre rotveltar, og kan gjera stor skade på hus.[1]
Full storm og høgare vindstyrker vil dei fleste aldri kome ut for på fjellet. Tre kan velta over leidningar for telefon og straum. Det knakar i tømmerveggar. Lette småhus kan verta rivne av grunnmuren.[1]
Stormen lagar særs høge bølgjer (9–12,5 m) med lange, overhengande kammar. Skummet vert danna i store flak, og driv med vinden i tette kvite strimer så sjøen får ein kvitaktig utsjånad. Rullinga blir tung og støytande. Redusert sikt.[1]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.