From Wikipedia, the free encyclopedia
Frisør (frå fransk)[1] er eit yrke som går ut på å frisera, klippa, pleia og styla (ordna og setja opp) hår. Ei anna nemning for dette yrket er barber eller barberar, nemningar ein brukte i Noreg til 1934 som yrkestittel for herrefrisørar,[2] fagpersonar som klipper gutar og menn og barberer og steller skjegg.
Faget har opphav i eit eldre handverk, bartskjærfaget. Dette yrkjet omfatta i tillegg til klipp og stell av hår og skjegg fram til 1800-talet også medisinsk behandling som årelating, tannuttrekking, sårbehandling og liknande. På 1900-talet var yrket spesialisert etter kjønn, herrefrisør som klipte gutar og menn, og damefrisør, og utdanninga var noko ulik.
I Noreg i dag er utdanninga til dette yrket innen utdanningsprogrammet Design og handverk, og består av to år på skule og deretter to år i lære i bedrift. Det fyrste skuleåret er Vg1 design og handverk og det andre skuleåret er Vg2 frisør.[3]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.