kommune i Italia From Wikipedia, the free encyclopedia
Frascati er ein by og ein kommune i provinsen Roma i regionen Lazio i Italia. Kommunen har 21 000 ibuarar og dekker ei flatevidd på 22,5 km².
Byen, som ligg 320 moh, er kjend for den storfelte utsikta over dalen der Roma ligg. Endå vidare kjend er Frascati for den turre kvitvinen som vert produsert av malvoisiedruer, druer som veks i den vulkanske grusen på nordsida av Albanarfjella.
Sidan den romerske antikken har det vore bygt hus, villaer for det romerske patrisiatet i Frascati. Framfor alt nytta dei mektige romarane husa i Frascati til sommarbustader. På 1300-talet vart byen sikra med ein festningsmur.
Dei mest praktfulle bygningane er i hovudsak frå det 16. og 17. hundreåret, mange dekorert med freskar og verdfulle kunstsamlingar. Mest kjend er Villa Aldobrandini som vart reist frå frå 1598 til 1603 under leiing av Giacomo della Porta, på oppdrag frå pave Klemens VIII. Også Villa Falconieri og Villa Mondragone merker seg ut med prakt.
I nærleiken av byen ligg ruinane av ein gravstad med gravhaugar frå romartida.
Den 8. september 1943 bomba 130 USA-amerikanske bombefly byen. Av sivilbefolkninga omkom minst 1000 menneske, medan ei 100 soldatar i hovudkvarteret til den tyske generalfeltmarskalken Kesselring fall.
'
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.