Frankisk

From Wikipedia, the free encyclopedia

Frankisk

Frankisk er ei gruppe germanske språk eller dialektar som blei tala i Frankarriket i noverande Nord-Frankrike og det tyske Rhinlandet frå 300- til 700-talet. Språket er lite dokumentert, men danna opphav for mange lånord i gammalfransk. Frankiske dialektar tala i Nederlanda utvikla seg til gammalnederlandsk, som utvikla seg til mellomnederlandsk på 1100-talet.

Thumb
Ubtreiinga til frankarane kring 475.
Thumb
Kopi av runene i Bergakker-inskripsjonen.
Kjappe fakta
Frankisk
*Frenkisk
Klassifisering Indoeuropeisk
 Germanske språk
  Vestgermanske språk
Bruk
Område Vest-Europa
Frankisktalande i alt Utdøydd
Språkkodar
ISO 639-3 frk
Glottolog fran1264
Lukk

Det rekonsturerte frankiske namnet for frankisk er *frenkisk.[1][2] Frankisk som tala før karolingartida er hovudsakleg rekonstruert frå gammalfranske lånord og frå gammalnederlandske nedteikningar frå 500- til 1100-talet. Ein runeinskripsjon på ei sverdslire, Bergakker-inskripsjonen frå ca. 425–450, kan vera eit døme på frankisk. Eit anna er ei formulering frå Den saliske lova frå tidleg 500-tal, brukt til å fri ein liveigen:

Maltho thi afrio lito
Eg seier, eg frir deg, halv-frie.[a]

Desse språkdøma er også blitt kalla gammalnederlandske.

Merknadar

  1. Engelsk omsetjing: I say, I free you, half-free.

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.