italiensk komponist From Wikipedia, the free encyclopedia
Francesco Landini (fødd ca 1325 i Fiesole ved Firenze, død 2. september 1397 i Firenze), òg Francesco Landino, var ein florentinsk komponist og organist, songar, diktar og instrumentmakar. Han var ein av dei mest populære komponistane på andre halvdel av 1300-talet og utan samanlikning den mest kjende komponisten i Italia.
Francesco Landini | |||
Landini med laurbærkrans og portativ | |||
Fødd | kring 1325 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Fiesole ved Firenze | ||
Død | 2. september 1397 (72 år) | ||
Dødsstad | Firenze | ||
Opphav | Den florentinske republikk | ||
Sjanger | mellomaldermusikk | ||
Instrument | orgel | ||
Verka som | orgelstemmer, instrumentbyggar, komponist, organist |
Ein kopparsjukdom gjorde Francesco Landini blind i barndommen. Han vendte seg til musikken og beherska fleire instrument i tillegg til orgel, til dømes lutt og han song, skreiv poesi og komponerte. Ifølgje biografen Villani dreiv Landini òg med astrologi, etikk og filosofi. Han var rekna som organist ved Santa Trinità-klosteret i Firenze og mellom 1361-1365 og 1397 organist og kapellan ved San Lorenzo-kyrkja i Firenze.
Det er bevart 154 verk etter han, tolv to- og trestemmige madrigalar, ein caccia, meir enn 140 ballate og nokre få messer. Ein meiner at Landini skreiv teksten til mange av verka sine. Verka hans utgjer meir enn ein fjerdedel av den kjende fleirstemte musikken frå italiensk trecento.[1]
Landini-verk finst i følgjande manuskript:
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.