From Wikipedia, the free encyclopedia
Fotballklubben Jerv er eit idrettslag i Grimstad i Aust-Agder som spelar i OBOS-ligaen (2020). Fotballklubben vart stifta 21. august 1921 under namnet Vestergatens Fotballklubb. Laget spelar i gult, bortsett frå blå bukser. Heimekampane vert avvikla på Levermyr stadion, opna i 1954.
Jerv spelte på lokalt/regionalt serienivå fram til 1980-åra. Sesongane 1983-86 deltok laget så for fyrste gong i 2. divisjon. Etter å ha vunne avdelinga si på tredjenivå i norsk seriefotball i 2013, har Jerv spelt på nest høgst nivå sidan 2015. Klubben kvalifiserte seg i 2015 til omspelet om den siste plassen i 2016-års eliteserie, men tapte 1-3 mot IK Start i siste og avgjerande kamp.
Fram til 1999 hadde Jerv eit kvinnelag som hevda seg godt på nivå to i seriesystemet. Etter ein strid om prioriteringar mellom dei ulike laga i klubben, braut kvinneavdelinga ut og danna Amazon Grimstad.
Oppdatert 1. juli 2020 [1] Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.
|
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.