Forsvarsdepartementet i Russland
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Remove ads
Forsvarsdepartementet i Den russiske føderasjonen (russisk Министе́рство оборо́ны Росси́йской Федера́ции, i daglegtalen berre Минобороны [Minoborony]) er eit føderalt organ som gjennomfører militærpolitiske vedtak i Russland.


Organet var oppretta 16. mars 1992 på basis av Forsvarsdepartementet i Sovjetunionen.[1] Departementet har ingen juridiske plikter i høve det tidlegare sovjetiske forsvarsdepartementet.[2]
10 540 personar arbeider i dette departementet i høve ein presidentordre frå 2016.[3]
Departementet fekk ny struktur i 2004 etter eit dekret frå president Vladimir Putin, og gjennomfører stadig justeringar i organisasjonen. Hovudkontoret ligger i Znamenka-gata 19 i Moskva. Forsvarsministeren heiter i 2017 Sergej Sjojgu. Han har vore forsvarsminister sidan 6. november 2012.
Remove ads
Øvsteleiing i 2017 inkluderte:[4]
- Generalstabssjef – Armégeneral Valery Gerasimov (sidan 9. november 2012)
- Nestkommanderande generalstabssjef – Ruslan Tsalikov (sidan 24. desember 2015)
- Statssektretær – Armégeneral (pensjonert) Nikolay Pankov (sidan 13. september 2005)
Einingar underlagde Forsvarsminsteriet i august 2012 inkluderte:[4]
- Presse- og Informasjonsdirektorat
- Kroppsøvingsdirektorat
- Finansdirektorat
- Militært helsedirektorat
- Militært innkjøpsdirektorat
- Militært eigedomsdirektorat
- Militært ekspertsenter
- Militært administrasjonsdirektorat
- Direktorat for store militære investeringar
- Departement for statleg konsum og kapitalforvaltning
- Departement for statleg arkitektur og konstruksjon
- Departement for sanatoriar og rekreasjon
- Direktorat for bustader
- Hovuddirektoratet for missil og artilleri (GRAU)
- Departement for djuphavsforskning
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads