From Wikipedia, the free encyclopedia
Forenkla kinesisk (trad. 簡體中文, forenkla 簡體字, pinyin jiǎntizì) er ei skrift avleidd frå tradisjonell kinesisk skrift, og er eitt av to standardteiknsett for å skriva kinesisk. Skriftspråket blei utarbeidd og innført i 1950- og 1960-åra i Folkerepublikken Kina for å fremja lesekunne. Det er offisielt skriftspråk der og i Singapore, medan ein framleis bruker tradisjonell kinesisk i mellom anna Taiwan, Hongkong og Macao.
Forenklinga skjedde ved at ein minska talet på strekar i mange teikn, bytte ein del teikn ut med former basert på enklare kursivteikn. Ei rekkje teikn blei planmessig forenkla gjennom at ein bytte ut kompliserte former overalt der dei fanst. Andre blei forenkla utan eit slikt mønster, og er dermed ofte svært ulike dei tradisjonelle teikna. Ei rekkje teikn i forenkla skrift er likevel uendra frå den tradisjonelle.
Oversyn og døme på metodar:
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.