Folkvang

From Wikipedia, the free encyclopedia

Folkvang er ifølgje strofe 14 i diktet Grimnesmål i Den eldre Edda den niande heimen i gudeverda Åsgard. Her har gudinna Frøya tilhald. Ho rår over kven som skal sitje i salen hennar, og deler kvar dag med guden Odin den flokken av menn som vert drepne i krig.

I Grimnismål (Grimnes tale) står det:

Fólkvangr er inn níundi,
en þar Freyja ræðr
sessa kostum í sal;
hálfan val
hún kýss hverjan dag,
en hálfan Óðinn á.

Folkvang er den niande,
der Frøya råder
kven eige skal sess i sal;
ho krev den halve
valen kvar dag,
den andre halve eig Odin.

[1]

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.