iransk skribent og poet From Wikipedia, the free encyclopedia
Abu'l-Kasim Mansur Firdausi (ca. 935–ca. 1020), ofte kalle berre Firdausi,[1] var ein persisk diktar, kjend for nasjonaleposet Shahname, Den iranske kongeboka.
Firdausi | |
Statsborgarskap | Samanid Empire, Ghaznavid |
Fødd | 940 Tus |
Død |
1020 |
Yrke | lyrikar, skribent |
Religion | sjiaislam |
Firdausi på Commons |
Firdausi blei fødd rundt 935 i landsbyen Vazh nær Tus i Khorasan aust i noverande Iran. Han høyrde til den iranske landadelen (dihqan), og åtte ein mindre landeigedom.
Sjela til diktaren finn glede når tale blir sameint med vit.
Firdausi Den iranske kongeboka |
Firdausi blei opphavleg kalla Abu'l-Kasim Mansur. Firdausi var forfattarnamnet hans, Tilnamna Tusi eller Khorasani viste til at han kom frå Tus og Khorasan. Hakim, 'doktor', er ein ærestittel som tidvis er blitt sett framfor namnet hans.[2]
Firdausi byrja på storverket sitt om lag 975-6 og avslutta det truleg i 1009/10. Han skreiv med støtte først frå lokal adel, seinare frå sultan Mahmud av Ghazni, som han tileigna eposet til. I følgje Firdausi sjølv og fleire mindre sikre soger gav ikkje sultanen han god nok løn for verket. Firdausi døydde på 1020-talet, fattig og vonbroten.
Kongeboka hans er eit verk på over 50 000 dobbeltvers som gjev eit oversyn over persisk historie frå urtida til den arabiske invasjonen. Firdausi sameinte ei rekkje eldre verk, både folkedikting, soger og verk av Dakiki, til ei nasjonal soge. Det var viktig for han og mange samtidige å ta vare på og vera stolt av den persiske kulturen, også den før-muslimske, i ei tid då han var pressa av arabisk muslimsk kultur.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.