mannsnamn From Wikipedia, the free encyclopedia
Finn er eit mannsnamn og ein namnedel som kan ha norrønt eller irsk opphav. Det har namnedag den 16. oktober i Noreg og Sverige og den 26. september i Finland.
Det norrøne Finnr viser til dei ein tidlegare kalde finnar, nemleg samar. Det har kanskje vore gitt som klengenamn til folk som ætta på desse. Finn kan brukast åleine, men ein finn det i talrike samansetjingar av namn. I mannsnamn er det som regel ei ending, som i Arnfinn og Torfinn. Finn finst òg i nokre få kvinnenamn, som Finnlaug. Namnet finn ein òg i stadnamn, som Finnøy, Finnås, Finnsnes og fylket Finnmark.
Det tradisjonelle irske namnet Finn tyder 'kvit'. Det blir i dag skrive Fionn, og har gjeve dei avleidde namna Finnén og skotsk Fiona. Også dette namnet finst i samansette namn, som Fiontan, Fionnuala og Fionnlagh (anglisert som Finley).
Finn er brukt som namn på troll i fleire soger, mellom anna Jätten Finn i Lund i Sverige
Phineas Finn (1867) er det eponyme namnet på ein roman av Anthony Trollope.
Huckleberry Finn er namnet på hovudpersonen i boka Adventures of Huckleberry Finn (1884), skriven av Mark Twain.
Finn var mykje brukt i Noreg på 1920-talet, med ein topp rundt 1930 då over 1,0 % av nyfødde gutar fekk namnet. I 2009 var det 7 684 norske menn som heitte Finn.
Irske sogeheltar og kongar:
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.