From Wikipedia, the free encyclopedia
Fernando Abrantes er ein plateprodusent og musikar frå Portugal.
Han var tidlegare medlem av konsertbandet til Kraftwerk frå Tyskland.[1] Fernando vart med gruppa på konsertane deira i 1991 kort tid etter at den elektroniske perkusjonisten og låtskrivaren Karl Bartos slutta i bandet. Som erstattaren til Bartos, spelte Abrantes på den første delen av The Mix i Europa i 1991. Ein kan òg sjå han i form av ein robot på promobilete frå denne perioden, i tillegg til musikkvideoen for ein oppdatert versjon av «The Robots», same året. Abrantes slutta i gruppa kort tid etter og vart erstatta av lydteknikaren i Kling Klang studio, Henning Schmitz, som framleis er med i bandet.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.