From Wikipedia, the free encyclopedia
Fattighus eller fattiggard var forsørgingsanstaltar som tidlegare var ein del av sosialomsorga i mange land. Ideen rundt denne typen institusjon var at fattigdom kunne bøtast på med hardt arbeid og umyndiggjering av dei som fekk hjelp. Folk som var fattige, gamle, sjuke, svake eller handikappa kunne bu på fattighus. Nokre av dei blei rekna som verdig trengande, medan andre blei rekna for å sjølv vera skuld i fattigdommen sin, til dømes gjennom latskap eller alkoholbruk.
Ein kan skilja mellom fattighus og fattiggardar, der fattiggardane som regel var felles for fleire kommunar, og husa arbeidsføre personar. Fattighusa var ulike for kvart sokn og husa vanlegvis berre nokre få arbeidsudyktige personar. Bebuarane blei blant anna sysselsette med steinhogst, landbruk, hagearbeid, eller i verkstadar der ein laga tresko, vov stoff eller laga kostar. Det fanst reglar for arbeid, måltid og fritid. Fattiggardar var kjønnsoppdelte, og det budde mange gamle folk der. Nokre barn kom åleine til fattiggarden, og budde der til dei var gamle nok til setjast i teneste. For arbeidet sitt fekk bebuarane mat og husly, men miste retten til å stemma, stilla til val og til å gifta seg.
I Danmark blei det oppretta fattighus frå rundt 1840. I 1885 var det rundt 350 fattighus og fattiggardar i landet med rundt 6500 fattiglemmer. 1900 var det omlag 450 fattiggardar. Forsørgelsesanstaltane var ofte plasserte utanfor byen. I samband med Socialreformen i 1933 blei mange fattiggardar lagt ned. Reforma slo fast at alle mennesker er like, men fattigomsorga umyndiggjorde dei fattige, som til dømes berre kunne gifta seg etter å ha fått løyve til det. Etter kvart blei fattighusa og fattiggardane døypte om til forsorgshjem. Restriksjonane på borgarrettar for dei som mottok fattighjelp blei avskaffa ved lov av 31. mai 1961.
I Svendborg ligg Forsorgsmuseet, den einaste bevarte fattiggarden i Danmark. I det gråmura bygningskomplekset på to etasjar budde det omlag 80 menneske.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.