From Wikipedia, the free encyclopedia
Fangeleir Fiskevollen eller Ljanskollen fangeleir var ein tysk fangeleir under andre verdskrigen. Leiren var i drift 1944–1945 og låg ved Fiskevollen på Ljan om lag ei mil sør for Oslo sentrum, mellom Mosseveien og Bunnefjorden.
Leiren var ein brakkeleir for opp til 250 fangar. Innanføre piggtråden hadde leiren fem fangebrakkar og fleire bygningar som romma kjøken og vaskerom. Utanføre gjerda låg eit bygg for kjøkken og kontor, eit for vaktmannskap og eit med vaktstove - og dessutan vakttårn.[1]
Fangeleir Fiskevollen var underlagd Grini fangeleir, og vart bygd hausten 1944 ettersom fangane skulle arbeida på eit større tankanlegg for olje og bensin ved Ljanskollen. For å sleppa å transportera fangane, vart Fiskevollen oppretta som ein mellombels leir. Mellom 500 og 600 fangar var innom i løpet av krigen.
Leiren var betre enn mange andre tyske fangeleirar, ikkje minst fordi fangane fekk inn ein del mat og tobakk utanfrå, og ein hadde nokon kontakt med omverda. Fangar som sat i leiren fortalde at særleg på nyåret 1945 var dei tyske vaktene vennlegsinna og liberale, fordi dei forstod at krigen var tapt. Tyskarane dreiv leiren fram til 7. mai 1945.
Etter frigjeringa tok norske styresmakter over, og leiren vart i nokre månader brukt til internering av «tyskertøser» inntil Statens interneringsleir for kvinner på Hovedøya vart opna.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.